Når vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.
Kristendomen er unik på den måten at han forkynner frelse ved tru. Alle andre religionar lærer oss at me vert frelst ved å gjera gode gjerningar, forbetra oss eller ved å retta opp skeive liv.
Men her er Bibelen klar som krystall. Ingen kan utbetra eller retta opp den skaden synda har gjort i liva våre. Den er fatal. Me kan ikkje få synda ut. Den einaste sjansen me har er å få Jesus inn. Det skjer når me opnar for han. Å opna for han er å tru på han. Og når han kjem inn, skjer to ting: Hans fullkomne kvalitetar og hans fullkomne liv blir gjort gjeldande for oss. Gud vår Far ser på oss som om me skulle vera like fullkomne som Jesus. Det er å vera rettferdiggjort. Det er å vera frikjent av Gud for Jesu skuld. Det neste som skjer er at Jesus opplyser oss og inspirerer oss til det gode.
Å ha fred med Gud er noko langt meir enn å føla fred på innsida. Uttrykket skildrar slutten på ein langvarig konflikt. Syndaren har kapitulert, overgjeve seg og opplevd ei overraskande frikjenning. Frikjenninga kan me ikkje føla på oss. Nei, den må bli oss fortalt. Det er som når det blir forkynt ein dom etter ei rettssak. Ingen kan på førehand seia kva domen blir. Den må forkynnast. Slik også med denne domen. Ingen kan vita at dei er frikjende av Gud før dei får domen forkynt. Og her finn me kjerna i den kristne bodskapen, det som vert kalla evangeliet, og ter slik: Alle som innrømmer syndene sine og vil tru på Jesus Kristus blir frikjent av Gud uansett kva synd han eller ho har gjort. Når me trur det, då kjem den djupe freden innover oss. Me treng ikkje bruka meir tid på å tilfredsstilla ein Gud som er fullt ut fornøgd med oss, og som berre er sjeleglad for at me har overgjeve oss til han slik at han kan få elska oss og nyta fellesskapet med oss.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar