torsdag 24. oktober 2013

Grunntankar i Romerbrevet XIX. Kapittel 5, 12-14. Adam og du.

12 Difor, liksom synda kom inn i verda ved eitt menneske, og døden saman med synda, slik nådde døden alle menneske fordi dei alle synda. 13 Også før lova var det synd i verda. Og endå synda ikkje blir rekna som synd der det ikkje er noka lov, 14 rådde likevel døden frå Adam til Moses, også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot slik som Adam. Adam står her som eit bilete på han som skulle koma.

http://www.mediafire.com/listen/nanyb8yo2bbyzm7/24.oktober_2013._Adams_fall.WMA

Adam var det første av alle mennesker. Han var skapt i Guds bilete, og var fullkomen som Gud. Guds tanke og idè med Adam var at han skulle representera Gud i verda, vera konge og styra på Guds vegne over skaparverket.  Dette skulle han gjera, saman med kona si Eva, i nært samarbeid med Gud. Difor kom Gud til dei kvar kveld i hagen der dei budde og verka, for å ha fellesskap med dei og drøfta saker og ting. 

Adam var eit fritt menneske. Han hadde berre èin begrensning: Han måtte ikkje eta av treet som kunne gje kunnskap om godt og vondt. Dette treet hadde Gud planta i hagen med tanke på menneske sin vekst. Det vonde hadde kome inn i verda gjennom djevelens fall og nedgradering. Fordi han hadde gjort opprør mot Gud, hadde Gud kasta han ut av himmelen saman med alle dei englane som støtta han. Dette er dei demonane me kan møte i verda i dag. Det er mange av dei.  Djevelen var i Guds hage, og Gud hadde bestemt at han skulle overvinnast av menneske, den edlaste av alle skapningar. Korleis? Ved at dei avviste det vonde og valde det gode då dei møtte det vonde som eit alternativ. Kva er det vonde? Det er opprør mot Gud og hans ord. Gud hadde sagt: Ikkje rør frukta på det treet. Då var det det gode. Det vonde var å bryta bodet og eta av det likevel. Gud hadde tenkt at menneske ved å halda bodet skulle overvinna det vonde. Då ville djevlen der og så ha blitt kasta i eldsjøen, og menneske herleggjort. Men det gjekk ikkje slik. I staden for å vera lydige mot Guds bod, trudde menneska på djevelen sine løgner og åt av treet. Slik kom synda inn i verda, og med synda kom sjukdom, veikskap og død, mørke krefter som rir oss som ei mare kvar dag.

Men galdt ikkje Adam sitt fall berre Adam? Nei, det gjorde ikkje det. Adam var som Guds bilete erklært til å vera konge over alle som kom etter han. No er det slik med kongar at det dei bestemmer seg for er representativt. Dei dreg alle undersottane sine med seg i dei vedtaka som dei fattar. Dersom vår konge bestemmer at me skal gå til krig mot Sverige, så er du og eg også i krig mot Sverige, og me kan ikkje velja oss ut av krigen. Slik også med Adam. Han bestemte på vegne av oss alle å følgja djevelen og ikkje Gud, og dermed vart me alle allierte med djevelen. Korleis merkar me det? Ved at me opplever Gud som ein fjern person, at me held oss på avstand frå han, ved at me har lyst å synda, ved at me faktisk også syndar mot Guds bod  både seint og tidleg i tankar, ord og gjerningar. Gjennom Adams fall vart me alle djevelens barn. Skulle me frelsast frå dette her, måtte det koma ein ny Adam, og det skal me snakka meir om i neste andakt.

Ingen kommentarer: