mandag 4. november 2013

Grunntankar i Romerbrevet XX. Kap 5,15-21. Indrefilèten i kristendomen

15 Men det er annleis med nåden enn med fallet. På grunn av fallet til den eine måtte dei mange døy, men Guds nådegåve er så uendeleg mykje større: Ho blir gjeven i rikt mål til dei mange på grunn av nåden frå det eine mennesket Jesus Kristus. 16 Og det er annleis med gåva enn med den synda som den eine gjorde. For dommen over eitt menneske førte til fordømming, men nådegåva førte til frikjenning, endå det var mange som hadde falle. 17 Døden fekk herredøme fordi eitt einaste menneske fall. Kor mykje meir skal då ikkje dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve, eiga livet og få herredøme ved den eine, Jesus Kristus.
   
18 Difor: Slik som ein manns fall vart til fordømming for alle menneske, slik fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske. 19 Slik dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig. 20 Lova kom til så fallet skulle bli stort. Men der synda vart stor, vart nåden endå mykje større. 21 For liksom synda fekk herredøme ved døden, skal nåden rå gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.


Gud hadde bestemt at Adam skulle regjera på jorda  på hans vegne og vera konge over alt og alle. Men då han valde å tru på djevelen og ikkje på Gud, var fallet eit faktum.Synda kom inn i menneskeslekta, og med synda kom døden som trengte gjennom til oss alle fordi me alle synda. Bibelen lærer oss at me er personleg ansvarlege for gjerningane våre, og når me vel feil, kan me ikkje skulda på andre enn oss sjølve. Sanne og ærlege må me innrømma feila våre. Det er den sjansen Gud har gjeve oss med tanke på evig frelse. 

Adam drog oss alle med seg i sitt fall, og som hans etterkomarar, deler me lagnad med han. Me kan tenkja oss Adam som ein lokførar som førte toget sitt inn på feil spor, og så lenge me sit på toget hans, kjem me fram til feil destinasjon. 

Korleis skal me koma fram til rett stasjon? Korleis kan me koma til Gud?
Svaret er enkelt: Ved å byta tog. Me må over på Jesustoget.  

Jesus var den andre Adam, den nye Adam, heile menenskeætta sin nye konge, Messias, den levande Guds Son, om du vil. Der Adam valde feil, valde Jesus rett. Han la seg aldri inn under djevelens tvang. Derimot oppfylte han alle Guds lover og sigra over djevelen på vegne av oss alle, og dersom me overgjev oss til han, kjem me oss inn på hans tog som vil bringa oss trygt fram til Guds himmel, samstundes som me er hos Gud med liva våre, for Jesus er Gud, eitt med Far. Kva kostar billetten? Ingenting. Jesustoget er gratis. Gratis transport til himmelen med full forpleining. Guds frelse er ei gåve som du og eg kan ta imot utan vederlag. Den blir rekt fram til oss gjennom Guds ord, dåpen og nattverden, og blir teken imot ved at me trur, trur at Jesu fullbrakte verk på krossen gjeld for akkurat slike som oss, slik som me er. Gjer du det?

Synda vart påført oss som ein tvang. Det er ingen fridom hos djevelen. Berre tvang. Han okkuperer menneska med list, løgn, trugsmål og redsle. Men Jesus er ein sann fridomshelt. Der han går fram, må djevelen vika. Men Jesus tvingar ingen inn i sitt følgje. Alle får fritt tilslutta seg han og hans rike. Han kallar oss ut og seier "Følg meg!" Så får den enkelte av oss ta opp hansken, eller krossen som han uttrykker det, og gje oss i hans følgje mot himmellandet, om det er det me vil.

Når du sit på eit tog, blir du flytta fram gjennom terrenget av ei kraft som ikkje er di eiga. Slik er det med alle som er kristne. Dei er på Jesustoget og blir flytta framover av Guds kraft, dei kan berre setja seg godt til rette med beina på bordet og nyta turen. Dei ruler skikkeleg. Dei har fått herredøme, les me. Over kva? Over synda og alt som vil hindra dei i å nå fram til Gud.

Frikjent av Gud, rettferdiggjort for Jesu skuld, det er hjarta i Guds evangelium. Tru Guds frelse, og du har Guds frelse.


Ingen kommentarer: