tirsdag 25. desember 2012

Ordet vart menneske,.......og me såg hans herlegdom. Johannes 1,14


Jesus er Guds ord. Det er viktig for oss å finna ut kva som ligg i dette. For det første: Jesus oppfylte profetiane i Det gamle testamentet. Alt som der var sagt om den komande frelsaren, vart oppfylt i Jesus. For det andre: Jesus talte ord frå Gud så levande og fengande at det var umogeleg å ikkje lytta når han talte, og det var umogeleg å ikkje bli engasjert av forteljingane og undervisninga hans. Det var levande ord som kom frå hans munn. Han var ein meister. Johannes døyparen vart kalla Herrens røyst. Det er den mest ærefulle tittel eit syndig menneske kan få her på jord. Tenk å få vera Herrens røyst i samtida.  Men Jesus vart kalla Guds ord. Han var rett og slett det ordet som Johannes talte. For det tredje: Jesus levde ut det han sa. Me les om han at han oppfylte lova til punkt og prikke. Han elska Gud av heile sitt hjarta og nesten sin som seg sjølv. Han var ærleg inntil margen, rettvis i ord og gjerning og uredd inntil døden. Når folk las hans liv, såg dei korleis Gud ville at dei skulle leva.

Og vidare. Jesus er den øvste autoritet i universet, og hans ord er umåteleg kraftfulle og myndige. Han sa til ein lam mann: "Reis deg og gå!" og den lamme reiste seg og gjekk. Han sa til den døde Lasarus "Kom ut!" og Lasarus kom levande ut av grava der han hadde lege i fire dagar. Han kviskra til den døde dotter til Jairus: "Eg seier deg, vesle jente: Stå opp!" så sto ho opp. Jesus talte aldri tomme ord, det var ord med kraft og liv, ja, han sa: "Mine ord er ånd og liv."

Jesus lever, og han vil ha det avgjerande og siste ordet i alles liv. Dersom han seier "Velkomen inn!" når me står innfor himmelens port, ja, då er alt vel. Men dersom han seier: "Eg kjenner deg ikkje, gå bort frå meg du som gjorde urett!", ja, då er alt tapt, og all von er ute. Ja, så sanneleg. JESUS ER GUDS ORD.

Det var dette Ordet som vart menneske med kropp, sjel og ånd. Han vart menneske utan å slutta å vera Gud, for å bringa oss alle til Gud. Han var Gud, og han vart den brua som me alle kan gå over for å koma til Gud og bli Guds gode barn.

Og me såg hans herlegdom, skriv Johannes. Kven er ME? Det var Johannes og dei andre læresveinane, det var gjetarane, Maria, Josef, vismennene. Dei såg alt det gode han gjorde og sa. Men dei såg noko meir, dei såg Gud i han. Ikkje berre at Gud budde i Jesus, men at Jesus VAR den Gud som ville bu i dei,og alle truande.

ME er altså alle dei menneske som gjennom alle tider ser Gud i Jesus, og som tilber han som den Gud han er. Korleis openberra Jesus herlegdomen sin? Ved å gjera vatn til vin, ved å gje dei blinde synet attende, dei lame førlegdomen, dei døve høyrsla og syndarane Guds rettferd. Han frelste og reiste opp og reparerte og restiturte. Full av nåde og sanning, var han. Alt han gjorde betalte han for sjølv, det var av nåde, og med dei undera han gjorde, lanserte han himmelen på jorda. Ordet sanning (gresk: aletheia) kan like gjerne omsetjast verkelegheit (tysk: warheit). Då Jesus kom, hadde han med seg den verkelegheiten som rår i himmelen hos Gud, der alt er reint, varmt, godt, vakkert og livfullt. Døden er ikkje der. Der rår livet. Her hos oss rår døden. Men himmelen har flytta inn i alle oss som trur på Jesus. Me skal aldri i æva dø. Me har gått over frå døden til livet, og han som er full av liv og kraft bur i oss. Kor stort rom gjev me han? Så stort at dei menneska me har rundt oss kan sjå hans herlegdom gjennom liva våre? Det var ikkje rom for Jesus i Betlehem julenatt. Men la det, ven, vera stort rom for han hos oss. Lat oss kasta ut alt skrot frå liva våre som tek opp den plassen som han skulle hatt som elska oss og som fridde oss frå våre synder med sitt eige blod.

Herre, du er min styrke og min lovsong, og du er blitt meg til frelse, du som bar mine synder med deg opp på krossen og gav meg ei evig rettferd som ingen kan ta ifrå meg. Dette har du synt meg, og eg vil tilbe og æra deg for det8. Du kom inn i mitt liv med di sanning, sette meg i fridom, gav meg barnekår og evig liv. Må ditt nådelys skina for meg, i meg og gjennom meg slik at dei menneska eg møter på min veg må sjå deg i mitt liv og erfara at du er verkeleg og mektig til å frelsa og hjelpa også dei. Amen!




Ingen kommentarer: