søndag 4. september 2011

Ordet gjev siger, også over tungsinn.

"I hjarta gøymer eg ditt ord, så eg ikkje skal synda mot deg." Salme 117,11.

Du er ikkje dømt til nederlag. Ved å memorera Guds ord, vert du sterk i Gud, og du står lett imot alle freistingar.

Når du blir svak og ikkje klarar å stå imot lenger, er det eit symptom på at du ikkje har gjort jobben din og fylt deg med Guds ord.

Me blir ofte utsette for freistingar. Jesus vart også det då djevelen kom til han i øydemarka. Men han sigra over han med å sitera Guds ord frå 5. Mosebok.

Jesus hadde memorert Bibelen, og i møte med djevelen brukte han vers frå denne. Det slo åtaket attende. Tenkjer du deg at du er betre stilt enn Jesus sidan du ikkje memorerer bibelvers?

I himmelen er det mange martyrar. Det står om dei i Openberringa 12,11: "Dei sigra over han (djevelen) i kraft av blodet frå Lammet OG DET ORDET DEI VITNA OM." Her har du to kraftige våpen for utrustninga di, det eine mot synda (Ordet), og det andre mot det mismotet som kjem til deg når du fell (blodet frå Lammet).

Me blir freista på alle områder som vert dekka av dei 10 boda og det doble kjærleiksbodet. Men for nokre, særleg melankolikarar, er det å siga ned i mismotet ei freisting i seg sjølv. Timoteus var der. Då gav Paulus han eit ord frå Gud som sikkert hjelpte han til sans og samling: "Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom!"

Melankolikaren tenkjer seg gjerne at tungsinnet er godt åndelege begrunna for eit menneske som lever i ei verd som ligg i det vonde. Men det er ei lygn. I denne verda er me kalla å vera eit folk som spreier tru, kraft, kjærleik, glede og fred. Me lever trass alt ikkje berre i verda, men i eit rike som har akkurat desse kvalitetane. Så friskt mot du som trur. Reis deg i Guds veldige kraft. Og du som ikkje trur: Be Gud om å få trua, slik at du kan erfara det eg her skriv om.



Ingen kommentarer: