lørdag 24. september 2011

Den forunderlege utakknemlegheiten

Jesus lækte 10 spedalske menn, men berre èin kom for å takka han for hjelpa, og det forundra Meisteren. Han kunne ikkje skjøna det. Det var ei gåte for han.

Det er naturleg og rett å takka når me får gåver. Lækjedom for alvorleg sjukdom er ei stor gåve. Det burde ha drive alle tilbake til Jesus for å takka. Men berre èin gjorde det, og han var til overmål samaritan, altså ein som jødane vanlegvis ikkje hadde samkvem med.

Det skulle vera lett å takka Gud når under skjer. Vanskelegare er det når livet går oss i mot. Men Bibelen oppfordrar oss til å takka Gud også i slike situasjonar. Det står i Filipparbrevet 4,6-7 : Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred som går over alt vit skal vara tankane og hjarto dykkar i Kristus Jesus. at me skal overgje alle sutene våre til Gud med påkalling, bøn med takk. For ein invitasjon og for ein lovnad dette er.

Når me overgjev problema våre til Gud og takkar han for hans makt og gode vilje, kjem hans fred og overtek i hjarto våre. Det er herleg.

David skriv i Salme 30 at han VIL takka og lova Herren. Det er noko han berre bestemmer seg for uansett korleis han har det og uansett kva som skjer. Bestem det for det du også.

Takk og lov er ditt kjærleiksspråk innfor Gud. Han frydar seg når du deler din kjærleik med han.

Å takka og lova Gud er dessutan vårt fremste livskall, det er det me er skapte til. Når me ikkje gjer det, bommar me på Guds mål me liva våre, me syndar.

Lat ikkje Jesus lenger klø seg i hovudet i forundring over deg fordi du gløymer å takka og lova han. Bryt heller ut i jubel du min tilgjevne og benåda ven for alle gåvene Gud så raust deler med deg.

Ingen kommentarer: