onsdag 21. september 2011

Ginosko

Jesus definerer det evige livet som å kjenna Gud. Han seier: "Dette er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud og han du sende, Jesus Kristus."


Det verbet som blir brukt på gresk for å kjenna, ginosko, betyr å kjenna ein person på ein djup personleg måte, slik som ektefolk kjenner kvarandre.

Det er berre ein måte å oppnå eit slikt kjennskap på: gjennom overgjeving. Den som ikkje overgjev seg til Gud, vil aldri kjenna Gud og slik erfara det evige livet.

Det evige livet er ikkje primært eit liv som varer i det uendelege, men det er liv frå Gud med kvalitetar som går himmelhøgt over våre jordiske liv.

Biologisk liv har nokre grunnleggjande kjenneteikn: rørsle, sansing, pusting, formeiring.
Det evige livet frå Gud likeeins. Den som kjenner Gud merkar hans nærvær og høyrer hans røyst, dvs. høyrer på ordet hans og gjer etter det. Dei bevegar seg ut blant folk med evangeliet, og gjer sitt ytste for at nye skal koma til tru på Jesus og erfara Guds kjærleik og frelse.

Den som kjenner Jesus blir ein ivrig, for ikkje å seia fanatisk, kristen som lever heilt for Jesus. Den som ikkje lever for Jesus, har aldri kjent han. Dei er religiøse, men ikkje kristne. Mange, mange er der.

Eg ber på ein visjon: at alle som sannar Jesus som Herre skal kjenna han og brenna for han, ikkje vera fortapte religiøse, men frelste kristne som ber eìn pasjon i hjarto sine: å kjenna Jesus og gjera han kjent.

Ingen kommentarer: