tirsdag 29. november 2011

Dei audmjuke

Denne undervisninga vil eg ha på husfellesskapet i kveld, onsdag 30. november.

"Eg har fått ro for å snakka om audmjukskap i kveld. Det vil eg fordi Jesus sa at han var audmjuk og mild av hjarta, og at me skulle læra av han. Det vil eg fordi David seier at Herren frelser dei audmjuke og styrtar ned dei hovmodige, fordi Jakob seier at det er dei audmjuke som får nåde og fordi Jesus sa at dei audmjuke skal arva jorda. 

Kva tyder det at Jesus var audmjuk og mild av hjarta?
Det tyder at han innsåg at han var totalt avhengig av Far.
All tanke på sjølvstende var heilt fjern for Jesus. Han sa: Eg seier og gjer ingenting utan det Far seier og gjer.
Nokre  legg stor vekt på å vera sjølvstendige, frie i høve til Gud og menneske. Dei er redde for å bli styrt av andre. Og fordi dei er redde for det, held dei seg på det dei meiner er sikker avstand og slepp ingen skikkeleg inn på seg. 

Denne måten å tenkja og leva på er basert på ei stor løgn. Ingen er sjølvstendige og frie. Me er alle totalt avhengige av Gud og kvarandre.  Det har me vore frå me låg i mors liv. Navlane våre skulle minna oss om dette kvar einaste gong me var i dusjen. 

Trongen etter å vera sjølvstendig og fri er langt på veg det som Bibelen kallar hovmot. Det byggjer på ei løgn, og har ikkje Gud i seg. 

Jesus har gjeve oss fridom, ikkje frå Gud og kvarandre, men frå synda, døden og djevelen. Og det er noko heilt anna. 

Og fordi me er blitt fri frå det vonde, er me blitt knytt til det gode. 

Å vera audmjuk er å leva i samsvar med sanninga, og sanninga er at ingen av oss klarar oss sjølv. Me treng Gud og kvarandre. Jesus skjøna dette, difor heldt han seg så nær så nær til Far som han kunne. For han visste at den Gud som heldt kroppen hans i gong, også var den som kunne tilfredsstilla hans indre menneske, og den einaste som kunne det.

Og han visste at å vera eit sant menneske er også å leva i nær relasjon til sine medmenneske. 

Difor satsa Jesus på læresveinane sine, og han betrudde seg til dei. Å betru seg er ein audmjuk handling som behagar Gud. Me kan tenkja oss at Jesus delte tankar, planar, lengsler og bekymringar med både Far og med venene sine.  Det er godt for oss om me gjer det same.

I tillegg er me i den situasjonen at me også må innrømma syndene våre både for Gud og kvarandre. Og då kan me jo gjerne starta med våre stolte haldningar, ubøyelege sinn og falske førestellingar om eigen stordom og kapasitet, før me går over på det hykleriske og løgnaktige. Me har rikeleg å ta av.
Audmjukskap for oss som er av Adams ætt er å sanna syndene våre for Gud og kvarandre. Dei som gjer det, dvs. stadig gjer det, får nåde.Skriftemålet er ein audmjuk handling som er til hugnad for Gud.

Då Jesus vaska føtene til læresveinane sine, var det ein audmjuk handling. Han bøygde seg ned, ikkje fordi han måtte, men fordi han ville.  Det heiter kjærleik.
Audmjukskap er å vera ein tenar for andre. Den som elskar mykje, bøyer seg. Den som ikkje det gjer, elskar lite. Det er nær samanheng mellom audmjukskap og kjærleik. 

I Salomos ordtøke 29,23 les me at ”den audmjuke vinn ære.”
Den einaste måten å vinna sann ære på hos Gud er gjennom audmjukskap. Maria, søster til Lasarus, audmjukte seg for Jesus då ho salva han med olje og tørka føtene hans med håret sitt. Då sa han: Fordi ho gjorde dette, skal heile verda minnast denne handlingar for all framtid. Jesus løfta henne opp og æra henne. 

Gud ærar alle audmjuke. Han løftar dei opp, fyller dei med glede, gjev dei innsikt i store ting, utrustar dei med sterke gåver, betrur dei viktige tenester, knyttar dei saman med spennande personar og let dei bli hugsa for all framtid. 

Paulus seier i talen sin til dei eldste i Efesos: Eg har tent Herren mellom dykk audmjukt og med tårer…
Den audmjuke slost ikkje for seg sjølv og sin eigen posisjon, men har fokus på sin neste og engasjerer seg i andres naud, Paulus med tårer. Ja, nokre gjer det med tårer. Tårene høyrer saman med kjærleiken.

Men hovmotet og sjølvhevdinga ligg aldri langt unna hos nokon. Det skal ikkje mykje ære til før den gamle Adam stikk hovudet fram. Dette veit Jesus godt, og han seier: ”Eg er det sanne vintreet og Far min er vingardsmannen. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, den tek han bort, men den som ber frukt, den reinsar han så ho skal bera meir frukt.”

Stolte menneske kan aldri koma på innsida av Guds ord. Liksom audmjukskap er ein veg inn i Guds rike, er det også vegen inn i Guds ord og sanningar. 

Salme 119, 71 Det var godt for meg å bli audmjuka
          så eg kunne læra dine forskrifter.

Difor sørger Gud for å halda oss audmjuke. Det betyr ikkje at han held oss nede, men opplyste. Han vil gjerne ha oss sterke i Skriftene, men då må me ha audmjuke sinn, for elles forstår me ikkje Gud.

Så til slutt: ”Sæle er dei audmjuke, dei skal arva jorda.”
Dei audmjuke gjer ikkje krav på så mykje for sitt personlege liv. Nei, dei tek opp krossen sin og følgjer Jesus, dvs lever sjølvoppofrande. Men desse skal arva jorda. Kva meiner Jesus med dette? Dei skal innta mennesker med Guds kjærleik og vinna dei for han og seg. 

Me vil så gjerne arva himmelen. Men først vil Gud gje oss våre medmenneske i arv. I Salme 2 les me at Far seier til Sonen. "Eg gjev deg folka til arv."  Og me er Kristi medarvingar. 

Mangel på audmjukskap fører til mangel på iver for sjelene og dermed få nyfrelste. Her må me alle prøva oss. 

I denne verda er det stort å vera sterk, sjølvstendig og uavhengig. I Guds verd er det stort å vera avhengig og svak, for det er det som er sanninga om oss alle, og Gud elskar sanninga."

2 kommentarer:

Knut Arve sa...

Veldig bra dette. Har lest det fleire gonger. Mykje visdom her.

Jens Thoresen sa...

Kjekt at du har hatt nytte av denne teksten