mandag 28. november 2011

Dei utvalde


I Johannes 10,16 seier Jesus: "Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar". Og i  vers 26-27: "Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer. Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei følgjer meg."


Har du undra deg over at nokre er så raske med å ta imot evangeliet, medan andre er harde som flint mot Gud heile livet? Kan svaret vera så enkelt som dette at Jesu sauer, også dei bortkomne,  høyrer hans røyst? Ting i Johannesevangeliet tyder på at dei som Jesus definerer som sine sauer, vil forstå og gripa evangeliet når dei høyrer det, medan dei som han ikkje definerer som sine sauer, vil ikkje respondera på det i det heile tatt, kanskje berre med motstand. 


Dersom dette er sant, forenklar det vår oopgåve som vitner i stor grad. Me er ikkje sende ut for å overtyda dei gjenstridige, men for å finna dei utvalde, og når desse høyrer, vil dei venda om og tru. 


Dette med Guds utvelging er ikkje direkte enkelt, det skal vera visst, men Jesus snakkar om det fleire plassar, også Paulus, og då må det vera noko i det. 


I lys av dette er ikkje frelsa eit samarbeidsprosjekt mellom oss og Gud, det er Guds ære åleine, ei ære han ikkje deler med nokon annan. 


Men ingen vert frelst utan å høyra Jesu røyst. Guds ord må lyda. Det er vårt ansvar som trur. Men effekten av det i den enkelte står til Gud.

1 kommentar:

Kaffikjelen sa...

Det er eit sjeldan, men velkome, syn i desse tider, serleg i Noreg, at utveljinga vert affirmert. :)