onsdag 9. november 2011

Dårskap og kraft


1. Korintarbrev 1,18: For ordet om krossen er dårskap for dei som går fortapt, men for oss som blir frelste, er det ei Guds kraft.

Dårskap er det same som toskeskap. Evangeliet er berre toskeskap for dei som går fortapt. Dei forstår det ikkje, og dei forstår ikkje vitsen med det. Og dei kan berre få vita det jo før jo heller: Dei er på veg mot evig fortaping.


For dei som blir frelst er evangeliet om Jesu død for våre synder sjølve livet, eller ei kraft til frelse som Paulus her uttrykker det. Nokre mennesk har spelt fallit når det gjeld det å bli gode nok for Gud. Ikkje klarar dei det sjølve, og ikkje kan Gud forbetra dei heller. Dei er og blir håplause, ja fortapte, og dei veit det.


Då er det at hjelpa kjem frå himmelen, og dei forstår at alt det dei er som dei ikkje skulle ha vore, det tok Jesus ansvaret for på krossen. Der tok han bort synda med sitt offer ein gong for alle. Når den tørste sjela forstår rekkevidden av denne bodskapen, ordet om krossen, då renn sola. Det blir så lyst og godt i sjela. Trua festar seg på Jesus og på det han gjorde for oss utanfor oss. For det som skjer inni oss har ikkje frelseskvalitet. Det har berre det som ein gong skjedde på ein kross for 2000 år sidan i Jerusalem.


David skildrar dette på sitt vis i Salme 40. "Eg kalla og ropa på Herren. Då høyrde han røysta mi, og han drog meg opp or den djupe gjørma og sette føtene mine på fjell. Han la i munnen min ein ny song, ein lovsong for vår Gud. Mange ser det og ottast og set si lit til Herren."


Slik er det å bli frelst. Det faste fjellet er Guds ord om Jesus, ordet om krossen. Når eit menneske er komen inn på denne grunnvollen, kjem gleda, fridomen og lovsongen. Det skjer alltid.


Er du der? Dersom ikkje må du ropa på Herren, så grip han inn i livet ditt. Lukke til!

Ingen kommentarer: