tirsdag 22. november 2011

Ein guddommeleg samtale

Ho hadde levd på kant med lova, folk flest, samvitet sitt og Gud over lang tid. Appetitten på menn hadde vore stor, og ho hadde forsynt seg godt. No var ho einsam og uglesett. Likte ikkje heilt seg sjølv lenger. Gjekk med ei lengsle etter endring, etter noko nytt, etter den reinleiken ho så vidt kunne hugsa frå unge år, før nedturen begynte. Men ho fann ikkje tilbake av seg sjølv. Hadde vikla seg for langt inn i synd og skam. Det vart for vanskeleg, for hardt å riva seg laus. Og kor skulle ho gjera av seg? Kven skulle ho gå til? Gud? Ja, men kor var han? På Garisim? I Jerusalem? Kven visste sikkert?

Men så ein dag kom Han til henne der ho var, i hennar eigen heimby, i Sykar. Først kjende ho han ikkje. Mannen som sat og venta på henne der ute ved brønnen denne formiddagen var rett nok ute annleis enn andre menn. Han spurde etter vatn! Men han var ein mann. Eit menneske.

Men du verda så merkelege, milde og skarpe ord som kom ut frå munnen hans. Han snakka om levande vatn og om Guds gåve. Det verka så tillokkande alt, vekte i henne ei von, og før ho visste ordet av det hadde ho sagt: "Gje meg det levande vatnet!"

Så gav han henne det.

"Gå og hent mannen din," sa han til henne.
Mannen min?
"Eg har ingen mann," svara ho.
"Der tala du sant," svara han,
"du har hatt fem menn, og han du no har, er ikkje din mann."

Kven var denne mannen som visste alt om henne? Korleis kunna han vita sanninga om henne?  Var han ein profet? Ja, han måtte då minst vera det. Eller Messias? Var han Messias kanskje?

"Eg veit at Messias skal koma," prøvde ho seg,
"og når han kjem, skal han fortelja oss alt!"

Ho var mogen for den store avsløringa:
"Det er eg, eg som snakkar med deg!"

Kva kan me læra av denne bibelfortellinga?
1) Når me ikkje finn Gud, finn han oss. Kanskje det er difor du les denne teksten akkurat no?
2) Når me ærleg innrømmer syndene våre for han, viser han oss kven han er og kva han betyr for oss.

Når mange menneske ikkje finn Gud, er det fordi dei ikkje vil sanna syndene sine, ta farvel med dei  og leggja dei ned for han.

Folks problem med Gud er aldri av intellektuell art, men av moralsk art. Den som let seg gjennomlysa av Guds morallov og innrømmer alle handlingar og haldningar i livet som ikkje har vore/er motivert av kjærleik og sanning, vil alltid finna Gud. Lukke til!


Ingen kommentarer: