fredag 4. november 2011

Evangeliet, evangelisering og nådegåver

Apostelen Paulus skriv til korintarane at "vitnemålet om Kristus står fast hos dei" og at dei "difor ikkje vantar noko nådegåve medan dei ventar på at Herren Jesus Kristus skal openberra seg."

Legg merke til rekkefølgja. Sidan vitnemålet om Kristus, det kristne evangelium, sto så fast hos dei, mangla dei ingen nådegåver.

Då må me spørja: Kva tyder det at "vitnemålet om Kristus" sto fast hos dei? Det kan etter mitt hovud ikkje bety anna at korintarane vitna om Jesus overalt i samfunnet. Dei hadde ein misjonerande mentalitet.

Guds nådegåver er overnaturlege. Dei gjev oss evne til å tala i tunger, profetera, lækja, gjera undergjerningar, forkynna med overtyding (det er også eit mirakel) osv. Me les meir om desse gåvene i kapittel 12 og 14 i 1 Korinterbrev.

Desse gåvene er komne til oss gjennom evangeliet, og er gjevne til oss for at me skal kunna gje det same evangeliet effektivt vidare til ikkje-kristne. Dei er ikkje til intern, men til ekstern bruk.

Dette samsvarar med det som Jesus seier i Lukas 24: De skal få kraft når Den Heilage Ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitner...

Ingen kommentarer: