lørdag 12. november 2011

Richard Dawkins lettvinte synsmåtar

Har høyrt på Richard Dawkins i dag. Han fornektar Gud, og prøver å stempla alle som trur som intellektuelt undermåls menneske. Det er den dogmatiske ateisten som forvaltar sanninga og ingen annan, og sanninga er at religionen ikkje har bidrege til noko som helst når det gjeld moralsk erkjenning og utvikling. Det er krafta i mennesketanken som har gjort det, eller aller helst evolusjonen kanskje. Då må det jo vera slik at dei slemme har tapt i konkurransen med dei snille. Det er dei snille som har fått høve til å forplanta seg, medan dei slemme etter kvart døyr ut fordi ingen vil ha seksuelt samkvem med dei.

Vel, Dawkins seier ikkje alt dette. Men eg trur han kunne ha sagt det. Sludder er det uansett. I tider då det er knapt med ressursar, er det dei snille som døyr først. Dei slemme og grådigaste går av med sigeren.

Det er sjølvsagt heilt fordummande å seia noko slikt som at religionen ikkje har fremja moralsk utvikling, og så i neste omgang setja mennesketanken opp som eit alternativ til at det eksisterer ein Gud som tenkjer og talar. Det er vil ingen som eg kjenner som ikkje tillegg menneske ein god porsjon sunn fornuft og moralsk kapasitet. Ein kjem langt med bondevitet.

Men dersom Dawkins faktisk hadde rett, kva så? Ville religionen sin manglande kraft og kapasitet kunna seia noko som helst om Guds kraft og kapasitet? Er Gud og religion det same. Sjølvsagt ikkje. Religion er menneske sin freistnad på å forklara Gud eller nå opp til han. Gud er ikkje identisk med religion, han er noko heilt for seg sjølv og eksisterte lenge før ein kvar religion.

Det blir også heilt feil å snakka om religion som eit einsarta fenomen. Moralen i religionane er faktisk veldig ulik. Skal Dawkins bli teken på alvor, må han presisera kva religion han snakkar om.

Dawkins er historielaus så det duger. Då den kristne trua vann fram dei tre føste hundreåra etter Kristus, var det den moralske kvaliteten dei kristne utstrålte som gav trua så stor framgang, og kristnes vilje til å dela godene sin med folk, kom til å få avgjerande tyding for humaniseringa av folk i Europa.

Men Gud eksisterer heldigvis uavhengig av oss og vår livsførsel. Men alle me som har møtt han, og stadig møter han, blir dagleg inspirert av han til å leva sjølvoppofrande liv, han som gav seg sjølv for alle, forat alle som lever og trur skal ikkje skal leva for oss sjølve, men for han som døydde og sto opp for oss.

Ingen kommentarer: