søndag 6. november 2011

Umogelege kombinasjonar

Apostelen Paulus og hans team var 2 år i Korint, og evangeliet hadde stor framgang i denne tida. Det starta med 3-4 truande, og enda opp med kanskje så mange som 25000 kristne. Det var ei kraftfull tid, og når me les 1. korintarbrev får me inntrykk av ein svært vital kyrkjelyd der Jesusbegeistringa var stor og dei karismatiske gåvene svært synlege. Har var det tungetale, profeti, kunnskaps og visdomstale, gåve til å lækja og gjera mirakel av ulike slag.

Å vera på gudsteneste i denne kyrkja må ha vore ei sterk oppleving. Her kunne ein risikera å bli profetert over med så stor presisjon at ein berre måtte slå fast at Gud var sanneleg i mellom dei. Nådegåvene sørga for at kyrkjelyden fekk ein stor vekst. Den Heilage Ande som har i oppgåve å overtyda menneska om sanninga i evangeliet, var sterkt over dei alle.

Likevel var det urovekkande trekk også. Nokre levde i seksuell umoral, det var mykje intern krangling, umogen framferd, tilløp til falsk lære, rot og liten omtanke for fattige.

Ein kan ikkje kombinera Gud og synd. Nokre prøver det, men det går ikkje i lengda. Alle som vil nyta både synda og Gud, taper Gud. Noko let seg simpelthen ikkje kombinera.

Dei fleste i Korint var nok på sporet, men dei som var komne på avvegar måtte bergast inn, og Paulus ville for all del hindra dei i å få andre med seg på galeien. Difor skreiv han brev. Ikkje berre dette, eitt før også og eitt etterpå.

Kjære lesar! Heller ikkje du kan kombinera det å vera kristen med det å leva på kant med Guds bod og gode vilje. Alle som er helga ved trua på Jesus, er kalla til å leva heilagt og reint, dvs. leva Gud nært i bøn og lovprisning og elles vera eit ærleg og godhjarta menneske.

Ingen kommentarer: