torsdag 10. november 2011

Omvending og tru

"Vend om og tru på evangeliet," forkynte Jesus.
Det er altså ikkje tilstrekkeleg å berre tru. Det er heilt naudsynt å venda om dersom me skal leva med Gud og vera til ære for han.

Å venda om inneber at du og eg tek ein oppgjer med alt i liva våre som ikkje harmonerer med Guds ord, at me vender oss bort frå det og tek avstand frå det.

Summen av Guds ord er sanning. Alt som luktar av løgn og fusk i liva våre må bort dersom me skal bli frelst.

Guds vesen er kjærleik. Alt me gjer og planlegg som ikkje er motivert ut frå kjærleik til Gud og til våre medmenneske er synd som me må venda oss bort frå.

Gud vere takk for at me kan venda om, at me kan bli kvitt alle livstrugande sjukdomar i sjelene våre. Det er Jesu ære åleine. Utan hans forsonande død på krossen, kunne me ikkje ha vendt om til Gud. Me kunna ha sanna syndene våre i all æva utan å oppnå tilgjeving. Tilgjevinga hadde sin høge pris, Jesu Kristi liv og blod.

Hans kross er den einaste krafta til frelse.

Ingen kommentarer: