onsdag 2. november 2011

Guds kall

Paulus skriv i 1.Korintarbrev 1,1-3 at han er kalla til apostel etter Guds vilje. Han hadde møtt Jesus og fått kall til frelse og teneste i same pakken. Det hende utanfor Damaskus.

Det er ingen tvil: Gud kallar aldri til frelse utan å kalla til teneste. Det høyrer saman.
Kva handlar tenesta om? Å lova og prisa Gud gjennom dagen, og gjera det gode mot vår neste, og det beste me kan gjera mot nesten vår er å gje han evangeliet.

Andre tenester i kyrkjelyden kan vera ulike. Difor er nådegåvene også ulike. Men Jesus er den same for alle. Difor er ikkje den eine kristne noko framfor den andre. Den einaste som me alle beundrar og tilber er Jesus, han som har helga oss og gjort oss reine for Gud.

Alle kristne er heilage menneske. Å vera heilag inneber å vera tilgitt, fødd på nytt ved Den Heilage Ande og innvigd til teneste for Gud. Alt dette ligg i trua på Jesus Kristus og kjem til oss når me kallar på han.

Det er ein gjennomgåande tanke i Bibelen: Ver det du er. Er du heilag, lev heilagt. Korleis lever me heilagt? Ved å leva nær til Gud vår Far. Det gjorde Jesus, og han er vårt føredøme.

Dette er logisk, for berre dei som lever nær til Gud kan føra andre til Gud, for det er berre dei som kjenner vegen. Dei går han kvar dag.

Ingen kommentarer: