fredag 18. november 2011

...der vil eg møta deg

I 2. Mosebok 30,1-10 les me om røykofferalteret som sto i tabernaklet. Det var plassert heilt inntil det store forhenget som skilde Det heilage frå Det høgheilage, der paktkista sto med lovtavlene og nådestolen (loket på paktkista som dekka til lova). Så sa Herren til Moses: "Der", altså ved røykofferaltaret, "vil eg møta deg".

Dette er til å ta lærdom av. For det første: Gud bestemmer sjølv kor han vil møta oss menneske, kor han vil la seg finna av oss. Det kan ikkje me diktera. Det er Gud som er Gud. Ingen kan klaga på at dei ikkje finn han dersom dei ikkje oppsøkjer dei plassane der han har sagt at han vil møta oss.

Røykofferaltaret var ein bøneplass for Moses. Der blanda bønene hans seg med røyken som trekte inn i Det høgheilage, der Guds nærvær var ekstra sterkt.

Gud møter oss når me oppsøker han i bøn. Så pass må audmjuka oss for å møta han at me kallar på han og legg fram behova våre for han.

Tabernaklet var Guds hus. I vår tid bur ikkje Gud i hus bygd av mennesker, kor vakre dei enn måtte vera, han bur i og mellom sine truande vener. Det inneber at dersom du ønskjer å finna Gud, må du oppsøka dei plassane der venene hans samlar seg, anten det er i ein katedral eller rundt eit kjøkenbord. For Herren seier: "Der vil eg møta deg!" Så møt opp du også.

Ingen kommentarer: