mandag 21. november 2011

Ny fødsel, nytt liv

Jesus sa til Nikodemus: "Sanneleg, sanneleg seier eg deg: dersom ikkje eit menneske blir fødd på nytt, kan det ikkje sjå Guds rike."

Menneske er ikkje i stand til å finna fram til Gud av seg sjølv. Me er ikkje på Guds lag, og me er ikkje, slik me er av naturen, interesserte i han. Gud må gripa suverent inn i liva våre, snu oss mot seg og blåsa sitt liv inn i oss. Det er eit mirakel kvar gong det skjer.

Nikodemus opplevde det for sin del. Han hadde sett Jesus i aksjon, og hans måte å leva på hadde vekt ei lengsle i han etter noko meir enn det han sjølv levde i. Difor gjekk han til Jesus for å prata.

Det mest fornuftige eit menneske kan gjera er å slå av ein prat med Jesus, for han er den einaste som kan gje oss dette nye livet. Me får det når me tek imot han som vår Herre og frelsar. For det evige livet ligg i han, og skal me ha tak i det, må me lukka han inn i liva våre og gjera han til vår Gud, den einaste.

Jesus er eksklusiv. Han kjem ikkje inn før alle andre gudar og ismer er kasta ut av liva våre. Me kan ikkje kombinera Jesus med alt anna religiøst mask.

All religion ber døden i seg. Men i Jesus finn me livet, og i hans lys ser me lys.

Ingen kommentarer: