fredag 25. november 2011

Augustins veg til Gud

Kyrkjefar Augustin var ei kjempe. Både som teolog, filosof, kyrkjeleiar, forfattar, forkynnar og sjelesørgar ruvar han over dei fleste i kyrkjehistoria. Hans skrifter fekk avgjerande betydning for den katolske og dei protestantiske kyrkjene. Både Luther og Calvin henta vesentleg inspirasjon og rettleiing frå Augustin. Likeeins skolastikarane i Middelalderen, dei som prøvde å byggja bru mellom tru og tanke, og pavekyrkja som fann forsvar for sitt eige hierarkiske system hos Augustin.

I den utruleg ærlege boka si Confessiones ("Vedkjenningar") fortel han om vegen sin til Gud. Den var ganske lang og kronglete. Augustin vart fødd i 354 i Tagaste i Nord-Afrika. Mora hans, Monica, var ein glødande kristen, medan faren var ein ganske alminneleg heidning (som forresten kom til tru og vart døypt før han døydde). Augustin på si side syntest ikkje noko om kristendomen. Han ville leva livet etter sitt eige hovud, og det gjorde han. Han fekk seg ein sambuar, festa med vener etter alle kunstens reglar og studerte filosofi og retorikk. Seinare vart han lærar i det sistnemnde faget. Kombinasjonen av lyst og tanke høvde godt for Augustin.

Men han hadde også ei sterk religiøs lengsle som etter kvart dreiv han inn i manikeismen. Denne trusretninga, som stamma frå Persia, forkynte at frelsa ligg i å sjå lyset, dvs forstå at det handlar om å bli fri frå kroppen og det fysiske. Profeten Mani lærte at ein gong i urtida var det berre lys og mørkret. Mørkret klarte å fanga noko av lyset, og av denne blandingar kom det fysiske. Sjela er lys, og ho må frigjera seg frå mørkret, og då går det fysiske i oppløysing.

Augustin levde i desse førestellingane nokre år, men fann ikkje noko fred i det. Han var gripen av noko rastlaust, ikkje minst pga mora som alltid snakka med han om Gud og ville ha han til å venda om til klassisk kristen tru.

Augustin bestemte seg for å reisa til Roma for å jobba som lærar der. Han så gjorde, og tok med seg sambuaren og sonen sin.  Men mora reiste etter han. Slik også då han flytta vidare til Milano. Han vart ikkje kvitt henne.

 I Milano møtte Augustin biskop Ambrosius og vart mektig påverka av denne si forkynning. Han kom også over ein biografi om einebuaren Antonius som Gud hadde verke så ekstraordinert gjennom 150 år tidlegare.

Mora sine formaningar og bøner, Ambrosius si forkynning og Antonius sitt liv åt seg meir og meir inn under huda hans og skapte ein indre kamp om hans sjel. Skulle han nyta verda eller Guds kjærleik, det var det det sto om for Augustin.

Han visste ikkje ut eller inn. Gud eller verda? Kva skulle han velja? Det timelege eller det evige? Han hadde inga ro. Me kallar det vekking.

Så ein dag medan han gjekk ute i hagen og kjempa og bad Gud om rettleiing, høyrde han brått ei barnerøyst som sa høgt og tydeleg: "Tolle lege, tolle lege!" ("Plukk opp og les, plukk opp og les!" ). Han meinte at dette var Guds svar, og han styrta inn i huset der han budde. På eit bord låg eit eksemplar av Romerbrevet, og han slo tilfeldig opp og las: "Natta er snart over, dagen er nær. Lat oss difor leggja av dei gjerningane som tilhøyrer mørkret og ta på oss dei våpen som høyrer lyset til. Lat oss leva sømeleg som veg høglys dag, ikkje i festing og fyll, hor og utskeiingar, i strid og misunning. Men kle dykk i Herren Jesus Kristus, og ver ikkje så oppteken av kroppen at lystene vert vekte."    

Det gjekk rett inn, og der og då overgav han livet sitt til Gud og Jesus. Venen hans Alypsis var der også, og han bestemte seg for også å bli kristen. Begge vart prestar.

Ved sida av apostelen Paulus si omvending er denne kanskje den mest avgjerande i kyrkjehistoria. Kor mange som har sett lyset direkte eller indirekte pga Augustin, veit berre Gud.

Augustin reiste attende til Nord-Afrika og vart biskop i Hippo. Der tente han Jesus trufast i mange kyrkjer over eit stort område i 40 år, samstundes som han skreiv enormt med bøker. Den viktigaste av dei heiter "Guds by". Der skildrar han korleis Guds rike er bygd på sanning, fridom, rettferd, åndskraft og godleik. Dette riket er kome til oss for å bli og ekspandera, medan denne verdas riker er flyktige og bygd på våpenmakt, pengemakt, kløkt, begjær osv. Han døydde fredeleg i 430 e. Kr. , medan barbarane hadde beleira byen. Romerriket sto for fall.

Ingen kommentarer: