tirsdag 8. november 2011

"Jeg tror ikke på Bibelen!"

"Jeg tror ikke på Bibelen," seier den kristne filosofen Henrik Syse til Vårt Land i dag. Han presiserer med det at han ser på Bibelen som "den beste" vegvisar til Jesus.

Men det er ein intelektuell hake ved dette: Dersom du ikkje trur på vegvisaren, vil du då våga å følgja den vegen vegvisaren peikar ut?

Sjølvsagt vågar du ikkje det.

Dersom Syse har funne fram til Kristus ved å følgja Bibelens råd og vink, ja, då trur han jo på boka.


Men då må eg spørja meg sjølv: Kva motiv har han med å seia at han ikkje trur på ei bok som han trur på? Det er mykje vanskelegare å forstå.

I Salmane les me at Herren har gjort sitt ord større enn sitt namn. Dette er ein annan tale. Det er Gud som ved sin Ande har gjeve oss Bibelen. Det trur me på. Å ikkje tru på Bibelen, er å ikkje tru på den Gud som har forfatta han. Dernest: Det er Bibelen som definerer Gud for oss. Det er inga annan kjelde til sann kunnskap om Han. Utan Bibelen, ingen Gud, ingen Jesus, inge frelse, ingen Heilag Ande, ingenting av evig verdi. Og så skal filosofen som har funne Jesus og frelsa i boka laga eit nummer av at han ikkje trur på henne. Forstå det den som kan.

Ingen kommentarer: