lørdag 26. november 2011

Jesu identitet


Jesus var ekstremt utfordrande. Han sa til jødane: "Dersom de ikkje trur at eg er Han, skal de døy i syndene dykkar." Jesus gjorde krav på å vera Gud, han som i 2. Mosebok kallar seg "EG ER", som synte seg for Moses i den brennande tornebusken, som sende ulukker over egyptarane, opna Raudehavet og førte isrelittane tørrskodd over på den andre sida. Den som gjorde dette var Herren, på hebraisk JHVH, han som VAR, og som ER og som KJEM. Denne veldige Gud og Frelsar gjorde Jesus krav på å vera, noko som han prova gjennom store teikn ug under, og han gjorde det klinkande klårt for dei jødiske leiarane at deira evige lagnad var knytt til om dei trudde dette eller ikkje.Å tru på han, var å tru på Gud, å elska han, var å elska Gud, å følgja han, var å følgja Gud. Gjorde dei ikkje det, ville dei døy i syndene sine. Kvifor? Fordi Gud er den einaste som kan tilgje oss syndene våre, og denne Gud  er Jesus Kristus. Å "døy i sine synder" betyr å gå evig fortapt, å aldri koma til Gud men tilbringa æva i helvete der dei gret og skjer tenner.   


Dei drap Jesus for dette. Ein person som oppfatta seg sjølv for å vera Gud, var i deira augo historias største og farlegaste bedragar.  I dag ville me vel lagt han inn på psykiatrisk avdeling.

Men dei vart ikkje kvitt han så lett. Han sto opp frå dei døde etter tre dagar, og kom tilbake sterkare enn før, synte seg for venene sine, tok bustad i dei og let dei gjera dei same under og teikn som han sjølv hadde gjort, og sende dei ut for å forkynna for alle verdas menneske at dei måtte venda om og tru på Han som VAR og som ER og som KJEM.

Eitt av desse menneska er du som les dette. Trur du? Dersom du ikkje trur, vil du døy i syndene dine. Der er Jesu ord.

Ingen kommentarer: