søndag 15. juni 2014

Grunntankar i Romarbrevet XIII. Kap 8,33-34

Sjølvsagt kan heile verda og heile helvete koma med skuldingar mot Guds utvalde. Og det skjer. Men det spelar ingen rolle. Ingen i heile den vide verda kan døma Guds barn, det kan berre Gud, og han frikjenner oss for Jesu skuld. Når det står "utvalde" her betyr det alle dei han har adoptert, og det gjeld alle som trur på Jesus. Den som vel å ha Jesus som Gud, blir utvald av Gud til å vinna evig frelse.

Kven kan fordømma Guds barn? Svaret ligg i dagen: Det kan ingen. Gud gjorde ein herleg vri då han let Jesus sin døy i vår plass, for så etterpå å reisa han opp att frå dei døde, ta han opp til himmelen og plassera han ved si høgre hand. Gud fordømte Jesus for å kunna frikjenna oss. For ein Gud me har. Me har hans godkjenning, og han gler seg over oss, og han ser heilt bort frå alle syndene våre. Dei eksisterer ikkje lenger for han, og slik vil det vera så lenge Jesus sit ved Fars høgre hand, og den posisjonen vil han ha i all æva.

Kva gjer Jesus på i himmelen? Han ber for oss. Det er så utruleg godt å vita. Jesu forbøn hjelper oss langt meir enn det me forstår. Så ser me at både Anden og Jesus driv på med denne forbønstenesta. Då er det nærliggande for oss å trekka den konklusjonen at Gud vil me skal be for kvarandre, at forbøn er verdas viktigaste syssel, og at ting vil gå mykje betre for oss dersom me gjer det. Jesus og Anden syner veg, og det er for oss å følgja på.

Ingen kommentarer: