Kapittel 1-8 er det me kallar Romarbrevet sin dogmatiske hovuddel. Kap 9-11 handlar om Guds frelsesplan og Israels utvelging.
9,1-5 innheld ufatteleg sterke ord. Paulus elska sitt jødiske folk, ja, så høgt at han kunne tenkt seg å gå fortapt om det kunne hjelpa dei til frelse.Dei hadde stått han imot, tala ille om han, forfølgt han, fått han fengsla, steina han og gjort livet til dei grader vanskeleg for han. Likevel er han villig til å ofra alt for dei. Dette er veldig spesielt: Han som tok evangeliet om Jesus Kristus til folkeslaga fordi jødane ikkje ville ta imot det, han identifiserer seg så sterkt med folket sitt at han er villig til å ofra livet og evigheten dersom det kunne hjelpa dei og føra dei inn i himmelriket. Korleis skal me forstå ein slik haldning? Det handlar om å vera full av Kristi kjærleik. Kristi kjærleik dreiv apostelen til folkeslaga, han såg tydlegare enn nokon at Jesus hadde døydd FOR ALLE, og at ingen truande har rett til å halda evangeliet for seg sjølv utan å gje det vidare til folkeslaga, og denne kjærleiken kunne driva han inn i det største av alle offer også for jødefolket, om det kunne vera til hjelp. Den same Jesushaldninga finn me også hos Moses. Han sa til Herren då han ville dømma og utsletta Israelsfolket: Ta heller meg, stryk heller mitt namn ut av livsens bok, eg går i mitt folks plass.
Jødefolket har same rett på Jesus som alle andre, ja, dei har førsteretten på han. Ja, han er først og fremst DEIRA Messias. Så vår.
Det er berre Jesus som kan læra eit menneske å elska på denne måten, og denne kjærleiken er den som skal bestå til evig tid. Alt anna fell bort. Kristi kjærleik er det einaste som vil bestå i all æva, og ingen andre vil bestå enn dei som har teke imot denne kjærleiken og let seg driva av han.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar