onsdag 25. juni 2014

Grunntankar i Romarbrevet XXVI, kap 9,6-13

Å vera jøde er ikkje det same som å vera eit Guds barn. Det er berre i trua på Jesus eit menneske kan bli Guds barn, rett og slett fordi Jesus er Guds Son, og skal me bli Guds søner og døtre, må me inn i Jesu barnekår. Det får me heilt gratis når me begynner å tru på han. Det var farleg for jødane å tru at dei var Guds barn i kraft av å vera jødar. Det er like farleg for oss å tru at me er Guds barn fordi me kjem frå kristne familiar, at me er medlemmer i ei kristen kyrkje, at me er aktive kristne,  at me er døypte eller kva det no enn me har ein tendens å støtta oss til. Det er berre ved å etablera ein personleg relasjon til Jesus Kristus at me blir og kan leva som Guds barn. Men med dette er ikkje alt sagt om denne teksten. FOR GUD VELGJER IKKJE BERRE UT TIL FRELSE, HAN VELGJER OGSÅ UT TIL TENESTE. Gud valde ut Israel, framfor alle andre folk på jorda, til å forkynna hans gjerningar, frelse og rettsprinsipp for heile verda. Det har då også skjedd gjennom Bibelen, som er ei heiljødisk bok. Når Gud vel ut til teneste, skjer ikkje dette ut frå kvalifikasjon, men av nåde. Israel vart vald ut av Gud som openberringsfolk og demonstrasjonsfolk for at han gjennom dette folket skulle nå heile verda med sin nåde i Jesus Kristus.

Gud er suveren når han vel ut folk til teneste. Men når det gjeld frelsen er alle som høyrer evangeliet kalla til å bli Guds barn, og alle som vel å ta imot kallet, kan rekna seg som utvalde av Gud, for det er det dei er.

Den utvelginga me les om i Romarbrevet 9 er altså ikkje utvelging til frelse, men til teneste. I denne saka står jødane i ei særstilling. Difor er dei gjennom historia heftig blitt forfølgde av djevelen. Men også truande blir kalla og valt ut til teneste. Den eine slik og den andre slik. Det er ikkje ut frå kompetanse, for ingen har kompetanse til å tena Gud, men ut frå hans store og vidunderlege nåde.

Ingen kommentarer: