mandag 30. juni 2014

Grunntankar i Romerbrevet XXIX. Kap. 9,25-29

Ingen menneske søker fellesskap med Gud av seg sjølv. Ein hindu er og blir ein hindu heilt til Gud grip inn i livet hans og kallar han til seg. Det same kan seiast om muslimar, sekularistar, animistar eller menneske som i det heile lever utan å ha Gud innafor synsvidde. Dei blir der dei er til Gud grip inn i liva deira. Dei er så visst ikkje ein del av hans folk, men når Gud kjem nær og fører dei til Jesus, blir dei til si store overrasking Guds barn, ein del av hans store familie, og ingenting blir så stort for dei som Guds frie kjærleik. 

Israel og jødane forkasta i stor grad Guds kjærleik i Jesus Kristus. Av den grunn vende Paulus seg til heidningane, og dei tok imot evangeliet. Dei som ikkje var Guds folk, vart Guds barn gjennom trua på Jesus. Men ein rest av det jødiske folk skal bli frelst, les me. Paulus var sjølv ein del av denne resten, apostlane likeeins og i tidas laup mange andre jødar. Jesustruande jødar ber alltid ei spesiell velsigning med seg.

Det jødiske folk har lidd fælt gjennom historia. Stadig har dei vore gjenstand for utrydding og desimering. Men Gud har halde si gode hand over dei, og berga dei gjennom. Aldri har djevelen fått utsletta folket fullstendig. Det har alltid vore ein rest att, og dei som lever no, vil koma til tru på Jesus Messias , og når dei i stor trengsle kallar  på han, vil han koma att og berga dei frå den trugande undergangen.

Ingen kommentarer: