Korleis vil det religiøse kartet sjå ut i 2050 dersom utviklinga følgjer det sporet som me er inne på i dag? I følgje analysebyrået Pew-Research Center vil det då sjå slik ut:
- Ein tredel vil framleis kalla seg kristne, slik som no.
- Islam vil nesten vera like stor som kristendomen. Denne religionen har stor prosentvis vekst som eit resultat av høge fødselstal
- Hinduismen, bugghisme og kinesiske religionar vil minka i storleik
- Pga låge fødselstal vil også dei ikkje-religiøse utgjera ein mindre del av befolkninga i 2050 enn i 2025.
- Det vil vera like mange under 15 år som no, men dobbelt så mange over 60 (talet veks frå 1 til 2 milliardar?).
- Halvparten av menneska lever i dag i byar. I 2050 er denne delen vakse til 2/3.
- 40% av dei kristne vil vera å finna i Afrika sør for Sahara, og 80% vil bu i det globale sør (sør for ekvator).
- Dette inneber alt kyrkja må innstilla seg på å møta fleire muslimar i framtida, fleire gamle, fleire som bur i byar sør for Sahara.
Det er grunn til å be for at kyrkja i framtida skal veksa seg både djupare og breiare enn nokon gong før. Skjer det, vil den statistiske utviklinga bli påverka av folkevekkingar der kyrkja igjen begynner å veksa fortare enn folketalet. Nøkkelen til dette ser ut til å liggja i Afrika, det einaste kontinentet der fødselsraten for tida er over 2,1.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar