fredag 8. august 2008

Apostlar og profetar


Bilete: Bulgarias 7 apostlar.
Apostlar og profetar er limet som held huskyrkjene saman, og dei av embeta som er nemnde i Efesarbrevet 4 som gjev kyrkja mål og framdrift. Profeten peikar ut målet. Apostelen sørgjer for framdrifta. Når kyrkja kom skeivt ut og stagnerte etter Konstantin, kjem det av at apostlane og profetane vart borte, likeeins evangelistane. Berre hyrdane og lærarane var att.


Problemet er at Bibelen snakkar så lite om apostlar og profetar. Me får stort sett vita at dei var til stades i urkyrkja, og at det er god grunn til å verja seg mot dei falske. Men funksjonen deira står det lite om. Men ut frå det me kan lesa var Paulus og Barnabas apostlar. Truleg også Timoteus. Apostel tyder "utsending med autoritet frå utsendar." På latin brukest visstnok ordet "misjonær", altså ein utsending til folkeslaga. Dei 11 apostlane som fekk misjonspåbodet, vart også sendt til folkeslaga med evangeliet. Likeeins Mattias og Paulus. Det er i det heile vanskeleg å sjå at nokon kan kalla seg apostel utan å ha ei teneste ansynes folkeslaga. Dette er ikkje fokusert på i moderne aposteltankar som dei me finn hos Simpson.

Når det gjeld profetane er desse også i stor grad sparsamt omtalte. Me høyrer om Agabus som profeterte over Paulus om lidingane som venta han i Jerusalem. Me høyrer også om at liknande profetiar kom til han i alle byar han vitja. Døtrene til Filip i Antiokia var profetinner. Elles var det mange profetar i denne kyrkjelyden. Johannes må vel ha vore ein profet, sjølv om det ikkje er sagt. Men openberringsboka er profetisk så det held. Paulus for sin del ser også framover utan at han titulerer seg som profet.


Det er interessant at når Jesus snakkar om sitt eige leiarskap, så kallar han seg for "den gode hyrde". Hyrdetittelen bar også Israels kongar. Og i Esekiel 34 vert alle leiarar i Israel titulerte med hyrdar. Desse var stort sett uansvarlege og dårlege hyrdar, og fordi dei var det, profeterte Esekiel at Herren sjølv ville senda ein ny hyrde til dei som ville føra dei til gode og trygge beitemarker. Og då kling Salme 23 i oss der David sannar: "Herren er min hyrde."

Dette fører meg fram til følgjande konklusjon. Alle leiarar i kyrkjelyden, anten dei kallar seg apostlar eller profetar, er i første rekkje hyrdar som skal leia flokkane sine til gode og trygge beitemarker, dette sjølv om det å vera hyrde, eldste, er eit eige embete.

Jesus seier: "Mine sauer høyrer me røyst, eg kjenner dei og dei kjenner meg." Det er kyrkjelyden som avgjer om dei høyrer Jesus i ein person eller ikkje. Tanken om at apostlar peikar ut apostlar, profetar profetar osv., han ingen bibelsk basis og er direkte farleg. Det er kyrkjelyden sin rett og plikt å dømma om slikt. "Vakta dykk mot dei falske profetane", sa Jesus til dei truande. Og vidare: "de skal kjenna dei på fruktene."
Men sanne profetar og apostlar skal finnast i kyrkja, men som Peter vart innsett som hyrde i si apostelteneste (Johannes 21), må kyrkjelyden høyra den gode hyrdingen gjennom alle apostlar og profetar om dei skal godkjennast.
Lev vel.
Jens

Ingen kommentarer: