søndag 17. august 2008

Todd Bentley, enno ein gong


Det vert no meldt frå Todd Bentley sin organisasjon Fresh Fire at Bentley har stått i eit usunt nært høve til ein kvinnleg medarbeidar. Kva som ligg i dette vert ikkje presisert, men det er grunn til å tru av dette "usunne" forholdet er ein av grunnane til at han og kona nyleg vart separert.


Det vart tidlegare presisert at det ikkje var utruskap som låg til grunn for separasjonen. Dette har synt seg å ikkje vera sant.


Det som her har hendt er meir enn ille. Her vert Guds namn enno ein gong vanæra av eit menneske som har vorte plassert over all kritisk prøving. Korleis kan dette berre henda gong etter gong? Kor lang tid skal det ta før Guds kyrkje når fram til manns mogning? Det er ein sørgeleg affære.
Eg har ikkje følgt så mykje med i kva som har hendt i Lakeland, men kan me ut frå det faktum at Bentley har levd i synd konkludera med at alt som hendt der borte er menneskeverk eller det som verre er? Ikkje isolert, slik eg ser det. Gud har mange gonger verka gjennom sprukne kar. Me må ikkje gløyma at David dreiv hor, laug og myrda før han vart avslørt av Herrens profet. Men han fekk oppreising og fornya tillit.
Det må vera ein veg for Bentley også om han vil venda om og gjera offentleg bot. Då kan dette snu seg rett veg for mange. Men alle dei apostlane og profetane som har applaudert utan å sjå nauda denne mannen var og er i, bør gå kraftig i seg sjølv. Kanskje dei ikkje flyg så høgt og ser så klårt som dei vil ha oss til å tru.

Ingen kommentarer: