søndag 10. august 2008

Refleksjon over Salme 32,7

"Du er min gøymestad! Du vaktar meg for trengsle. Du let frelsesjubel lyda ikring meg."

Dette verset lærer deg 3 ting om Gud:


1) Han er i seg sjølv ein gøymeplass for oss. Alle truande er hos han og i han, og dei er effektivt verna mot det vonde. Me er ikkje nødvendigvis verna mot alt som gjer vondt, men mot alt som vil føra oss til fall og føra oss bort frå Herren og dei evige godene.


2) Han vaktar deg for trengsle. Kva kan dette bety? Kristne blir jo tydlegvis råka av dei same vanskane som andre, pluss nokre til. Kor er Guds vern då?Hos profeten Jesaja les me: "I all deira trengsle var det inga trengsel." Daniel vart kasta i løvehola, men Herrens engel lukka munnen til løvene. David måtte gå gjennom dødsskuggens dal. Men der var Herren og dekka bord for han. Gud fjernar ikkje vanskane, men han omformar trengslene og ufarleggjer det farlege. Peter gjekk på vatnet, men gjekk ned då han fokuserte på dei trugande bølgjene i staden for på Jesus. Men då han mista sin overnaturlege oppdrift, var Jesus straks hos han og drog han opp. Slik jobbar Gud i liva våre. Kva er det som trugar deg i dag? Set namn på det du er redd for og sjå om det du har lese her ikkje stemmer.


3) Gud let frelsesjubel lyda rundt deg. Kor kjem denne jubelen frå? Frå mennesker som du har frelst og ført til Gud. Ingenting kan tilgfredsstilla ein kristen som den forløyste jubelen frå dei som han/ho har ført til Jesus. Slik vil Gud velsigna verda gjennom deg. Gå med Gud og lev vel.

Ingen kommentarer: