torsdag 14. august 2008

Føresetnader for å kunna gjera rette åndelege vurderingar


Me som kristne er raske med å uttala oss om ting me meiner er avvikande. Ofte for raske. Det er så lett å falla i den grøfta at me uttalar oss på sviktande grunnlag. Eg er redd det har skjedd i samband med Todd Bentley og vekkjinga i Lakeland. For nokre år attende las eg Francis Frangipane si bok om "De tre slagmarker". Der skriv han m.a.: ingen har rett til bedømma ånder utan å vera motivert av kjærleik. Det trur eg er eit godt prinsipp. Dersom ikkje me kjenner godleik for den me kritiserer, endar me opp som miskunnslause dommarar som lett overdriv både her og der.
Men eg trur også det er andre ting som må vera på plass hos kritikaren. Kritikken må primært rettast til den som gjer eller har gjort feil. Det er som oftast ikkje særleg mykje poeng i å snakka om ein person dersom bodskapen ikkje når fram til personen. Kva skulle det tena til? Eit anna poeng er: Skal ein kritikar vera legitim, må han/ho jamnleg sjølv underkasta seg vurdering. Eg tenkjer på skriftemålet. Den som sjølv har øving i å bli vurdert, vil alltid dømma mildt og balansert. Unndreg du deg dette, har du ingen føresetnad for (og kanskje heller ikkje rett til) å utøva rett vurdering av andre. Vidare er det viktig at den som vurderer ei sak eller ein person kjenner fakta om saka eller personen, og ikkje byggjer på rykter eller andre sine vurderingar. Det må bli eit dårleg resultat av slikt. Vidare: Den som påtek seg å vurdera andre offentleg eller privat må ikkje berre peika på det som han/ho meiner er galt, men må også kunna peika på ein betre veg, slik at han/ho verkeleg kan vera til hjelp for den som fer vilt.
Todd Bentley har lenge slite i ekteskapet sitt. Det skulle kalla på vår medkjensle og forbøn. I noko eg les no anar eg ein triumf: endeleg er han avslørt. Den som tenkjer og føler slik, må gå kraftig i seg sjølv og føreta ein ramsalt sjølvvudering, gjerne innfor ein skriftefar.

Ingen kommentarer: