søndag 17. august 2008

India: Jesus gjer seg kjend for Koyafolket gjennom enkle menneske.


Mission Network News (http://www.mnonline.org/) har plukka opp denne historia frå misjonorganisasjonen Partners international (http://www.partnersintl.org/) sitt arbeid i delstaten Orissa i India. Pastor Vasantharaj Albert, direktør for Church Growth Assosiation fortel:

Det banka på døra til Mutha (bilete). Ho var redd det var folk frå den berykta maoistgeriljaen som kom, så ho venta i det lengste med å opna. Men bankinga held fram, og Mutha fann det til slutt best å gå til døra, sjølv om det var seint og ho hadde ein lang dag bak seg på markene.

Ho var letta då ho såg at det berre var nabokona som sto der saman med dotter si. Men dottera var hysterisk, og mora bad Mutha om å be for henne.

Mutha, som hadde vore med på eit seminar som Partners International hadde halde for den unådde folkegruppa Koya, bad ei kort og litt nervøs bøn om lækjedom for jenta, på den måten ho hadde lært på "Bibelen i praksis"-seminaret ho hadde vore med på, og jenta vart straks rolegare. I dagane som følgde besøkte Mutha familien. Gjennom Mutha si bøn vart jenta lækt for sjukdomen sin, og Mutha fekk høve til å dela dei gode nyheitene om Jesus med familien.

No er Mutha kjend som "bønekrigar" i landsbyen, og folk kjem til henne med sjukdomane sine og opplever at Gud lækjer dei når Mutha ber. På denne måten har ho og mannen fått føra stadig fleire i landsbyen til Kristus.

Dei siste åra har Guds rike hatt ein eksepsjonell framgang i India. Mange kyrkjelydar arbeider systematisk saman gjennom organisasjonar som India Mission Association og Church Growth Association for å nå ut til fullstendig unådde byar og landsbyar i landet med evangeliet. Dette har resultert i sterk vekst, men også ein aukande forfølging frå militante hinduistiske grupper, som det er mange av. Det ser ut som om vekst fører til forfølging, og forfølging til vekst. Ein smertefull god sirkel.

Ingen kommentarer: