torsdag 7. august 2008

Huskyrkjer

I Bulgaria les eg Wolfgang Simpson si bok "Hjem som forvandler verden". Simpson, som er journalist og jobbar innan DAWN-rørsla, skriv at skal kyrkja verta det Jesus ville med henne, må me attende til urkyrkja sin modell der dei kristne i hovudsak møttest i heimane og hadde både åndeleg og økonomisk fellesskap. Han skriv vel meir at dette er den vegen som Gud har openberra for dei truande, ein veg som vart totalt avspora då rikskyrkja vart innført av keisar Konstantin ein gong etter konsilet i Nikea i 325. Innføring av kyrkja som ein institusjon som vart driven av eit eige presteskap, og i hovudsak utanfor heimane , førte til at kyrkja vart eit "fellesskap utan fellesskap" og i neste omgang førte dette til stagnasjon og fråfall.

"Kyrkja må bli mykje mindre før ho kan verta større" er ein av tesane hans. Ei huskyrkje bør ikkje ha fleire enn 20 medlemmer. Når medlem nr. 21 dukkar opp, er det tid for deling. Ein eller fleire av dei 20 første må då ha fått leiaropplæring til å ta halvparten med seg og etablera ei ny huskyrkje. Denne modellen meiner han å ha sett føra til eksplosjonsaktig vekst mange stader, og han syner til Kina og Vietnam.

Sjølv om boka hans er lite gjennomarbeidd, og sjølv om han rotar saman ein masse saker og ting frå kykrjevekstlitteraturen som han ikkje hadde trengt å koma innom for å få sagt det han ville, er ho tankevekkande og verdt å lesa, i alle fall deler av ho.

Veikskapane er tydelege: Han gjentek seg sjølv for mykje. Han sløyfer henvisning til kjelder. Han tillet seg å ikkje grunngje påstandar. Han glorifiserer huskyrkjene til det usannsynlege. Har han vore med i ei sjølv? Og vidare. Han normerer det i Guds ord som berre er beskrivande. Påstanden hans om at kyrkja dei første århundra jobba etter eitt fasttømra mønster, let seg truleg ikkje forsvara. Den høge grad av eigedomsfellesskap som me ser hos kyrkja i Jerusalem, var truleg av kort varighet, og me merker ikkje noko slikt hos andre samtidige kyrkjelydar. Men økonomisk fellesskap på eit visst høgt nivå har det nok vore over alt, og ei kyrkjeordning med prestar som mellommenn mellom Gud og kyrkjelyden, ville nok apostlane ha avvist bestemt og med indignasjon på vegne av evangeliet der det berre er ein mellommann, Jesus.

Det finst nok heller ikkje noko grunnleg i Skrifta for å anta at utkyrkja var bygd opp som eit nettverk av huskyrkjer som delte seg når dei vart 21. Det kan vera ein god idè, og det kan vera tenleg som berre det, men det er vel helst gode mennesketankar.

Det som etter mitt skjøn får kyrkja til å veksa er forkynninga av Guds ord i ein atmosfære av bøn, heilagdom og brorskjærleik. Eit folk som elskar Jesus, ber, gjer godt og vitnar om Han vil alltid oppleva at ordet ber frukt og folk kjem til tru. Er det ikkje slik?

Men boka løftar også fram verdien av apostlar og profetar for vår tid, og den biten av ho vil eg kommentera i morgon.

Ingen kommentarer: