onsdag 27. august 2008

"Erkjente ikke straffeskyld"

Der var det igjen. Det er blitt ein vane å høyra at menn som har utøvd drap og andre stygge overgrep ikkje erkjenner straffeskuld. Ja, sjølv om dei erkjenner å ha utøvd udåden, vil dei ha retten og alle oss andre til å tru at dei ikkje strafferettsleg ansvarlege. Det ser ut til at ingen lenger vil ta ansvar for handlingane sine i dette samfunnet, men for einkvar pris skjula dei, bagatellisera dei eller frikjenna seg sjølve som utilreknelege på gjerningstidspunktet. Kva er det som skjer med oss?

Ingen kan springa i frå ansvaret sitt. Ein dag vert ein teken att, om ikkje før så på Herrens dag.

Dessutan er det farleg for sjela å ikkje erkjenna og stilla seg ansvarleg for sitt eige liv. Dersom ein kjem unna med urett, lever ein på lygn, og den som lever på lygn, taper sjela si. Ingen tvil om det. Ein taper i dette livet, og tapet vert fullstendig i det neste.

Denne gongen er det ein 41 år gamal mann som står tiltalt i Oslo tingrett for krigsforbrytelsar i Bosnia i 1992. Han er tiltalt for dei mest forferdelege ting som han skal ha gjort mot serbiske fangar i ein fangeleir. Men han erkjenner ikkje straffeskuld, les me. Og så vart heile første dag i retten brukt til å diskutera om han kan stillast for norsk rett, sidan den lova han er tiltalt for ikkje er meir enn 2 år gamal, og sidan grunnlova ikkje opnar for at nye lover kan ha tilbakeverkande kraft.

Men eg spør meg: Erkjenner denne mannen moralsk skuld. Og dersom han gjer det, må det vel vera i hans eiga interesse å få stå til ansvar for det han har gjort. Ville ikkje moralsk normalt fungerande menneske tenkja slik? Har me ikkje alle behov for eit oppgjer når me har påført andre skade og frårøva dei livet eller andre høge verdiar?

Etter krigen vart ei rekkje ansvarlege nasistar dømde i Nürnberg etter naturretten. Denne vart ståande over alle grunnlover i validitet og hadde kraft i seg til å døma folk som hadde gjort alvorlege brotsverk mot menneskeætta.

Seinare er naturretten vorten parkert i Noreg til fordel for såkalla positiv rett. Den seier at det ikkje finst overordna moralnormer, men at det er rett som er gjeldande rett, eller gjeldande rettsoppfatning. Det kan syna seg å vera ei stor ulempe no då me skal stilla krigsforbrytarar til ansvar for gjerningane sine.

Ingen kommentarer: