torsdag 7. august 2008

Ei ny og litt framand oppleving

Familien har vore på ferie i den idylliske svartehavsbyen Sozopol i Bulgaria i 2 veker. Kom heim i går. Det vart soling og bading og mykje lesing. Kjem attende til det.

Men søndag ville eg gjerne ha med meg ei ortodoks messe, og fann ei kyrkje i byen. Det vart til dei grader ei annleis gudsteneste enn det eg er van med. Kjende meg framand og keitete. Her var det aktivitet med krossing, lystenning og kyssing av ikoner, og der sto eg og kunne ikkje ein einaste regel og var totalt analfabet. Personleg synest eg nok best om skikken å kyssa kvarandre (folk frå den 3. verda har dei siste åra lært meg mykje om det), men det er no så.

Alt som hende var liturgisk bestemt. Presten begynt framom ikonstasen med ei lang messande bøn før han så gjekk attanfor ikonstasen (ein vegg med ikoner og 3 dører som skil aleteret frå kyrkjelyden). Det heile verka unekteleg veldig gamatestamentleg med presten som mellommann.

Kyrkjelydssangen var overraskande rik, likna ikkje lite på våre salmer. Og folk song. Dei kunne salmene sjølv om dei var ganske lange. Og forsongarane gav godt på og delvis fleirstemt. Men sjølvsagt ringde ein av forsongarane sin mobil under songen.... Gamal og ny tid.

Så var det ut og inn med nattverdselementa, og ut og inn med bibelen. Presten og lekfolk i prosesjon. Fok bukka ærbødig og krossa seg, frå høgre mot venstre. Det er viktig. Dei romersk katolske gjer det andre vegen.

Så var det nokre eldre kvinnner som eg kalla lysgjetarane i hovudet mitt. Det var to sankassar framom ikonstasen som sto på kvar sin sokkel der folk kunne setja ljosa sine. Men desse brann fort ned, tynne som dei er. Lysgjetarane sørga for å å få sløkt dei nesten nedbrende. Det kunne vera travelt.

Men elles kom og gjekk folk. Nokre var der frå start til slutt, vil eg tru. Men eg måtte gå då ryggen streika.

Lev vel.

Jens

Ingen kommentarer: