mandag 17. april 2023

Menneskerettsfråsegna artikkel 15

 1. Alle har rett til eit statsborgarskap.

2. Ingen skal misse statsborgarskapet sitt vilkårleg, eller bli nekta retten til å endre det.

Statsborgarskap i eit anstendig land er eit grunnleggjande gode for eitkvart menneske. Eg skriv anstendig fordi det er ganske mange land som blir styrt av despotar og dynastier som sug alt dei kan ut av folket sitt i staden for å tena det.   

At alle har rett til statsborgarskap, synest vera sjølvsagt. Men det er det ikkje. FN skriv at det er over 10 millionar statslause menneske i verda. Mange nr.2-barn i Kina er til dømes ikkje registrerte i offentlege register rett og slett fordi det lenge var forbode å få meir enn eitt barn i Kina. Desse uregistrerte menneska er på mange måter ikkje-eksisterande for storsamfunnet, det er berre kjende av familien og Gud, og dei manglar rett til helsehjelp, utdanning, arbeid og kva det skal vera. Slik blir artikkel 15 Menneskerettsfråsegna  broten systematisk i Kina, saman med retten til liv og privatliv, til det å ytra seg, organisera seg og til å tena Gud. Den kinesiske presidenten og kommuniskpartiet han leier bryr seg i det heile lite og ingenting om Menneskerettsfråsegna som landet har ratifisert.  

I Noreg lever over 2400  statslause. Det er i hovudsak flyktningar som mangla pass eller andre gode identitetspapirer då dei kom til landet. Dei kan bli verande ufatteleg lenge i Noreg på ufatteleg små ytingar. FN sin Høgkommisær for flyktningar kritiserer Noreg for dårleg handsaming av statslause flyktningar. Dei har t.d. ikkje rett til å arbeid eller utdanning, ei heller til medisinsk hjelp utover det akutte. Blir dei gamle,  er det ingen pensjon å få for dei. Norske styresmakter vil helst senda dei attende til eitt eller anna heimland, men utan pass, vil ikkje noko anna land i verda vedkjenna seg dei som sine og ta imot dei ved retur. 

Norske utlendingsstyresmakter gjer livet inderleg surt for dei som ikkje kan identifisera seg skikkeleg når dei kjem til landet. Det ligg mange, mange magre år framfor dei som kjem utan gyldige ID-papirer til landet. 

Men det slo meg ein tanke: Mange seksualbrotsmenn får ny identitet av styresmaktene når dei kjem ut av fengsel. Kanskje kunne dette også vera løysinga for papirlause flyktningar? Det skulle vel vera mogeleg for den eine når det er det for den andre?

At ingen skal nektast å få endra statsborgarskapet sitt, er vel helst teori, men ein nydeleg tanke. Dersom landa som har ratifisert Menneskerettsfråsegna etterleva denne, ville livet blitt langt enklare for mange. 

Ingen kommentarer: