tirsdag 12. mars 2019

Misjonsoppdraget er eit fellesskapsprosjekt

Det ligg i sakas natur. Misjon er å invitera folk inn i Guds familie, inn i fellesskapet, ta vare på dei der, , undervisa dei i Guds ord, hjelpa dei å finna sin plass i Guds store misjonsprosjekt og utrusta dei til å bli menneskefiskarar og disippelgjerarar.

Det kan ikkje poengterast sterkt nok i vår indiviualistiske tid: ME ER SKAPTE OG FRELSTE TIL FELLESSKAP.

Me lever ikkje FOR fellesskapet, men for GUD.  Men me lever FOR GUD I FELLESSKAP. Ja, Gud sjølv ER eit fellesskap mellom Faderen, Sonen og Den heilage ande. Dette er det opprinnelege og det sterkaste fellesskapet som eksisterer, og alt fellesskap har sitt utspring i dette.

Ingen bør etablera kristen teneste utanfor ein lokal kyrkjelyd. Kyrkjelyden er Guds idè og ordning, og han har lagt så mykje åndeleg beskyttelse ned i ordningane sine. Går me utanfor, blir det veldig sårbart, og ein vert fort utsett for tunge åtak og for bedrageriske tankar.

Einkvar kyrkjelyd, liten eller stor er eit lokalt uttrykk for den store universelle kyrkja, den som vert kalla Kristi kropp eller Kristi brud, den som berre JESUS er leiar for.

Misjon er teamarbeid. Jesus sendte alltid folk ut to og to. Apostlane reiste aldri åleine, men med team. Dei jobba etter den modellen Jesus hadde lært dei: Me går alltid saman, me jobbar alltid i team. Me er berre åleine når me har åleinetid med Gud på romma våre, elles skjer alt i fellesskap, og ikkje kva som helst fellesskap, men det fellesskapet som Bibelen kallar kyrkje, det fellesskapet som Jesus Kristus er hovudet for.   

Målet for misjonen er altså fellesskap, og det som har fellesskap som mål, må gjerast i fellesskap.

Så ein påstand: Me kan ikkje disippelgjera verda utan at me gjer det i fellesskap. Og då tenkjer eg ikkje berre fellesskap mellom enkeltpersonar, men fellesskap mellom kyrkjelydar. Og for akkurat dette har me fått ei fantastisk plattform å jobba ut frå: LAUSANNEPAKTA som vart utarbeidd i samband med verdskonferansen for evangelisering og misjon i Lausanne i 1974. Betre lesing finn du ikkje, og eg meiner at alle kyrkjelydar i eit område som kan skriva under på denne, bør gå saman og leggja opp ein felles strategi for å nå menneska i sitt område med evangeliet og disippelgjera dei som tek imot. Det er det minste me kan gjera for alle desse som Jesus har døydd og stått opp for, og eg er heilt sikkert at alle dei som har teke seg bryet med å lesa dette  blogginnlegget er heilt enig med meg i dette.

Neste innlegg her vil forresten handla om realismen i misjonpåbodet. Det er artige greier.:)




Ingen kommentarer: