tirsdag 9. april 2019

Forføring

 6 "Men den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, han var betre tent med å få ein kvernstein hengd om halsen og bli søkkt i havsens djup.
   
  7 Ve denne verda som lokkar til fall! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!" Sitat av Jesus Kristus, henta frå Matteusevangeliet kapittel 18,6-7. 

Kva er forføring? Det er å framstilla som rett og godt det som i følgje Bibelen er galt og vondt, og vise versa.

Det er barn og unge som aller mest er utsett for forføring. Dei er jo så ubefesta og har så lite kunnskap og erfaring, og fordi Jesus elskar dei så høgt, ser han ikkje gjennom fingrane med dei som forfører dei til å leva i strid med hans ord og bod. Det er tydeleg i denne teksten som er sitert ovanfor.

Kva tenkjer Jesus på? Han tenkjer på alvoret i å halda barna borte frå Guds ord og livet i kyrkjelyden, og gje barna eit inntrykk av at Guds ord og kyrkjelyden ikkje er så viktig. Men barnas liv og framtid kviler på at dei kjenner Gud og Jesus, og at dei får leva og utvikla seg som kristne i kyrkjelyden. 

Jesus er så tydeleg på dette. Me som er vaksne skal læra barna det han har sagt, og me skal læra dei å leva etter hans ord og befaling. Det kan me berre gjera med å ta dei med oss og demonstrera for dei korleis dette ser ut i praksis. Me er rollemodellar, alle vaksne er det, og det kviler eit enormt ansvar på oss. Det handlar om å halda seg åndeleg sunn og frisk, leva i Guds nåde og operera i Andens kraft. 

Og er du komen på avstand frå Gud og kyrkjelyden, må du snu og koma attende. Det er ikkje meir å seia om det. Og du kan trygt koma, for han elskar deg og vil for Jesu skuld tilgje deg alle dine synder og blåsa nytt liv og engasjement i deg, og ta barna med deg når du kjem.  







Ingen kommentarer: