Evangeliet kom til oss heidningar "utanom tur." Guds visjon var først å frelsa jødefolket, og så skulle jødane bringa Guds frelse til verda. Men sidan jødefolket i det store og heile fornekta Kristus og helst ville frelsa seg sjølv, sende Gud Paulus og dei andre apostlane til heidningane med dei gode nyheitene frå Gud.
Me fekk altså miskunn "utanom tur". Då jødefolket i det store og heile forkasta Kristus, sette Gud i verk plan B, som gjekk ut på at Jesu jødiske vener skulle bringa evangeliet til folkeslaga utan å gå vegen om jødane, og så skulle i neste omgang evangeliet gå frå folkeslaga til jødefolket.
Difor: For oss heidningekristne gjeld også Paulus ord om at evangeliet er først for jøde, så for grekar. Men sanninga om dei fleste av oss heidningekristne er at me konsentrerer oss korkje om jødar eller grekarar. Me er ulydige, nett slik som jødane var det. All ære for alles frelse går såleis til Gud åleine. Han frelser dagleg tusenvis av menneske trass i at me som trur på Jesus er både trege, uengasjerte og ulydige.
Men Gud står på og motiverer oss på mange måtar, og når me set oss i bevegelse, elskar han å bruka oss. Denne erkjenninga førte Paulus inn i lovsong og takk (vers 33-36). Gud er rik, klok og rettferdig. Ingen kan gje han råd (om me vel ofte prøver akkurat det), ingen kan krevja noko frå han, og vers 36 slår fast ein grunnleggande kristen sanning: Alt og alle tilhøyrer Gud fordi han er den som har skapt alt, og alt som er skapt er skapt for å æra han i tid og æva. Difor er det ei GRUNNLEGGANDE SYND å unndra seg Gud og leva livet utan samfunn med han, likeeins å anklaga Gud for alt mogeleg (som er så vanleg for det moderne menneske å gjera), og desse syndene vil alle som kjem inn i Guds lys forstå er dei største og mest skammelege som finst.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar