torsdag 18. september 2014

Grunntankar i Romarbrevet. Leksjon XXXV. Kapittel 11,22-24

Oljetrea kan gjerne bli mykje over 2000 år gamle. I Getsemane finn me enno oljetre som må ha stått der den natta Jesus kjempa med Gud om vår frelse.


Vers 22 er viktig: GUD ER GOD MOT DEI SOM HELD SEG TIL HANS GODLEIK. Det ER sant at Gud er god mot alle, og let sola si skina over rettferdige og urettferdige osv. Men berre dei som held seg til hans godleik, vil oppleva aldri å bli råka av Guds strenge dom. Med Guds godleik er det her nemleg meint den godleiken han møter oss med gjennom evangeliet, gjennom Jesus. Dei som held seg til Jesus, får vera i Gud og erfara Guds godleik i all æva.  Dei som fell frå¨Jesus, løyser seg frå Gud og blir råka av hans strenge dom fordi dei har brote det første bodet: Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.  Gud har altså, gjennom Jesus og hans gjerningar, teke seg av oss heidningar slik at me blir poda inn i han når me tek imot Jesus som Herre og frelsar. Men enno meir er det slik for jødefolket, dei som i utgangspunktet tilhøyrde Gud, og som enno har ein spesialstilling i Guds plan med verda. Når dei gjev opp vantrua si og vender seg til Kristus, vert dei straks poda inn i Gud dei også. Og så er det eit poeng her som Everett F Harrison løftar fram i sin Romerbrevskommentar: Det vil vera enklare for jødane, når den dagen kjem, å bli kristrne enn det var og er for heidningane å bli det, rett og slett fordi jødane på ein måte naturleg høyrer heime hos Gud. Dei passar inn hos han.

Så ligg det ei åtaving her: Det er mogeleg for alle som trur å falla frå Gud. Det syner også erfaringa oss. Difor me me halda oss til hans godleik, og velja den kvar einaste dag. Når me løyser oss frå Jesus Kristus, løyser Gud seg nemleg frå oss og overlet oss til oss sjølve. Me blir avhogne greiner.

Det er eit underleg bilete dette med poding som Paulus brukar i denne teksten. For det er nemleg heilt uvanleg å poda greiner frå ville tre inn i gode framavla tre. Det vanlege er motsett, at greiner frå gode tre vert poda inn i stammer og røter frå ville tresortar. 

Men i Guds rike er det nåden som gjeld. Her vert dårlege greiner poda inn i ei god rot, og så blir dei forvandla slik at dei ber gode frukter. Berre Gud i himmelen held på på denne måten, og kan halda på slik.

Og enno meir er det slik når det gjeld jødefolket. Dei er nemleg avhogne greiner, og avhogne greiner er døde greiner. Å poda døde greiner inn i eit tre er med respekt å melda slett gartnerskap. Men Gud gjer det, og dei døde greinene får liv. Frelse er mirakløse greier.

At Gud og Guds rike her vert samanlikna med eit oliventre har kanskje også eit poeng med seg, for oliventreet blir svært gamalt. Gjerne over 2000 år. Nokr av dei trea som står i Getsemane i dag, er dei som sto der då Jesus natt til langfredag utkjempa sjelekampen sin. Gud er kalla den gamle av dagar. Det er lett å forstå. Men kanskje er det slik også at nådens tidsalder, tida frå Jesu himmelfart til at han kjem att omtrent blir eit oliventreliv. Jo, eg veit det er litt spekulativt, men då nærmar me oss veldig at dei heilt store tinga skal skje og Jesus kjem att i herlegdom for å frelsa alle truande og dømma dei vantru.

Ingen kommentarer: