torsdag 25. september 2014

Grunntankar i Romarbrevet XXXVI. Kapittel 11,25-29

Gud har ein plan. Den er berre delvis openberra for oss. Men i vårt avsnitt løftar han litt på sløret: Ein del av Israel er blitt forherda, og denne forherdinga vil først bli oppheva når heidningane er komne inn i fullt tal, som det står her, eller når heidningane sitt tal er oppfylt, som me kan lesa i andre oversettingar. Det kan ikkje vera snakk om at alle heidningar må bli frelst før Israel blir frelst, men at eit visst mål med heidningar må bli frelst før den store vekkinga kjem i Israel.

Paulus skriv dette for at romarane ikkje skal tenkja for høgt om seg sjølv og heva seg over jødefolket eller sjå ned på dei på noko vis. Det har dei ingen grunn til. Tvert om. For ein dag skal det faktisk skje:  HEILE ISRAEL bli frelst, og akkurat DET er ei ære som neppe blir nokon annan nasjon til del, og så refererer han til Jeremia som seier at "redningsmannen", og det må vera Jesus, skal koma frå Sion og utrydda ALL gudløyse frå Jakob, og i samsvar med den nye pakta skal han ta bort syndene deira. Det handlar om tilgjeving og reinsing.

Sidan jødane forkasta evangeliet om Jesus, vart dei Guds fiendar. Likevel elska Gud dei som folk pga utvelginga og fedrane. Å elska betyr her å godkjenna. Gud kan ikkje gløyma lovnadane sine, og han kan ikkje gløyma Abraham, Isak, Jakob, Moses, Rahab, Josva, Rut og David, og den dag i dag vurderer Gud folket ut frå kva desse representerte, og dei dreg enorme vekslar på Guds lovnader og andres innsats. Me kan ikkje forstå dette folket utan å rekna med desse faktorane. For Gud angrar ikkje på det han har gjort, og dreg ikkje attende den utvelginga av Israel, ei heller dei nådegåvene han har gjeve dette folket.

Men enno kan ikkje dei fleste av dei henta ut det beste, nemleg forlating for syndene og evig liv, det som dei IKKJE kan få gjennom fedrane, men berre gjennom JESUS. Men bodskapen her i dag er denne: nokre tek imot Jesus og blir motteken av Gud, og ein dag vil alle ta imot Guds nådegåve i Jesus Kristus.

Ingen kommentarer: