tirsdag 9. september 2014

Grunntankar i Romarbrevet del XXXIV. Kapittel 11, 11-21

v.11-15
Gud kan snu det vonde til det gode.
Også det faktum at jødane forkasta Kristus og evangeliet, snudde han til noko fordelaktig for verda.
Planen var slik: Då jødane misbrukte sjansen sin til å bli frelst og gå inn i Herrens teneste, skulle evangeliet gå til folkeslaga, og det at dei vart omforma frå å vera mennesker under synd, begjær og dom til eit gudsfolk prega av rettferd, godleik og kraft, skulle vekka misunning hos jødane slik at dei også skulle få lyst på Guds gode gåver gjennom Jesus. Slik skulle deira fall bli til rikdom for verda. Men likevel: hadde dei teke i mot Jesus og hans frelse frå starten av, ville velsigninga over folkeslaga blitt enno større, og misjonsoppdraget fullført på langt kortare tid. Men dei gjorde ikkje det. I 2000 år har dei halde seg borte frå Gud. Men når dei ein dag kjem til Jesus med liva sine, og det vil skje, vil verda bli løyst frå synda og djevelens forferdelege makt på ein måte som ein aldri før har sett maken til i historia. Det blir heilt ekstraordinært.

v. 16-21
Den gode rota som me heidingar er pota inn i er Gud sjølv, og sidan denne rota er heilag, er alle som er kopla på rota også heilage. Dei får del i Guds heilagdom. Den heilage krafta og det heilage livet frå Gud strøymer inn i oss gjennom Jesus Kristus og lovnadene knytte til han. For det er jo Jesus er som Guds lovnad. Dei vantruande jødane er avbrotne greiner. Alle Jesustruande ikkje-jødar er pota inn på alle ledige plassar. Men her ligg ei kraftig åtvaring: Sidan det var vantru som fekk Gud til å hogga jødane av den gode rota, dei som var dei første til å få lovnaden, må ingen heidningar innbilla seg at dei skal bli verande på rota om dei endar opp i vantru. Dei vil ikkje bli sparde men hogne av og kasta på elden. Dersom Gud ikkje sparte dei naturlege greinene, vil han slett ikkje spara oss ikkje-jødar om me fell frå i vantru.



Ingen kommentarer: