tirsdag 2. september 2014

Grunntankar i Romarbrevet XXXIII. Kap. 11,1-10

Kapittel 11 er høgaktuelt. Det handlar om det jødiske folks særstilling i Guds historie med verda. Me må aldri gløyma at Gud bestemte seg for å frelsa verda gjennom jødefolket, at han sjølv valde å bli jøde. For evig og alltid er dette folket knytta til himmelens Gud, og er såleis eit nøkkelfolk, og Jesus vil ikkje koma attende før jødane har akseptert han som Messias og ber han om å koma attende.
Så til teksten.
I vers 1 slår Paulus fast at Gud ikkje har forkasta Israel. Det må alle leggja seg på minne. Han brukar seg sjølv som prov på påstanden. Han er jo sjølv israelitt. Han er jo sjølv jøde av Benjamins stamme. Hadde Gud forkasta Israel kunne Paulus aldri har blitt kristen. Det ser ut til å vera logikken her.
Så går han over til slags historisk døme som skal underbyggja  påstanden hans. Elia trudde at han var åleine truande att i Israel på Akabs tid. Men Gud visste betre og kunne fortelja om 7000 andre som heller ikkje hadde bøygd kne for Baal.
Berre Gud har full oversikt. Våre menneskelege førestellingar kan vera ganske langt borte frå sanninga. Men Gud som ER sanninga, kjenner alle ting.
Situasjonen for Guds folk kan sjå ganske håplaus ut. Men ikkje for Gud. Han ikkje berre KJENNER sanninga. Han FORMAR historia og skaper ny røyndom (på gresk er sanning og røyndom same ordet). Det var ikkje berre slik at det var 7000 løynde truande på Elias si tid, men det var Herren som hadde SPART DEI. Han hadde sjølv teke vare på dei.
Slik vil det alltid vera. Han kjenner kvar einaste trufast jøde, han veit kor dei er og han har til hensikt å føra dei ut frå der dei no er og samla dei i det landet han gjennom eid gav Abraham og hans etterkomarar. Og dette gjeld ikkje berre Judas og Benjamins stamme (jødane), men også dei andre stammene som vart deporterte i 722 f.Kr av assyrarane, og det er meir enn interessant Manasses  stamme no er funnen i India, og dei er på veg attende til Israel.
Ein rest av det jødiske folket er spart av Gud til frelse. Det er av nåde, ikkje av gjerningar eller forteneste. Elles ville ikkje nåden lenger vore nåde. Gud tek seg av og frelser Israel kun og åleine fordi han er god og elskar dei, slik han også frelste oss som ikkje er jødar.
Lenge har jødefolket lege i tjukkaste mørker, spreidde som dei har vore utover heile verda. Som straff for si avvisning av evangeliet i den første tid  gav Gud dei ei sløv ånd, slik at dei ikkje lenger kunne venda om. I mellomtida, i heile 2000 år, har så evangeliet om Jesus gått sin sigersgang mellom andre folkeslag. Men Israel og jødane er blitt liggjande i skuggelandet. No endrar imidlertid alt seg. Gud hentar jødane ut frå alle folkeslag, samlar dei i Israels land for å openberra Jesus Kristus for dei som Messias og Herre, og mange har alt forstått det og kome til Jesus med liva sine og trykt han til hjarto sine. Denne førstegrøda vil vera viktige når ein dag alle kjem. Då vil desse bli åndelege fedre og mødre for dei mange nye truande.

Ingen kommentarer: