onsdag 8. juni 2011

På fast grunn

Den verda me lever i er heile tida i rørsle. Avisene er fulle av store overskrifter, og me får eit inntrykk av at det me les har historiske dimensjonar. Men det stemmer nesten aldri. Etter kort tid er det meste gløymt av dei fleste, og nye ting dukkar opp som krev vår merksemd.

Ein gamal gresk filosof som levde mange hundre år før Kristus (var det Thales?) sa to ord som er blitt hugsa for all framtid: "Alt flyt!" Eg trur det var Are Kalvø som i eit kåseri kommenterte det slik: "Sanneleg skulle det ikkje mykje til for å bli berømt på den tida!"

Og alt er i rørsle. Stjerner, planetar og galaksar i makrokosmos, atomer og elektronar i mikrokosmos. Og historia flyt forbi oss, tankar og idèar kjem og går, store og små hendingar, og du og eg er i endring. Blodet flyt i årane våre, me veks til, blir eldre osv.

Og me spør: Er det noko som er fast? Noko som alltid er sant? Noko som eg kan byggja livet mitt på?

I alle fall kan me fort bli samde om at både menneske, og det som menneska skaper er flyktige og forgjengelege ting. Det som var sant i går, er tvilsamt i dag og heilt feil i morgon. Å stola på menneske og det menneskelege er sanneleg å byggja livet på sand, for ikkje å seia kvikksand.

Det var vel Arkimedes som uttrykte seg slik: "Gje meg eit fast punkt, og eg skal flytta jorda!" Han fann aldri eit slikt fast punkt, så det vart ikkje noko flytting.

Du anar kor eg vil hen: JESUS KRISTUS ER DET EINASTE FASTE PUNKTET I TILVÆRET. Han er den Gud som skapte himmel og jord og alt bevegeleg. Han er den Gud som vart menneske for å frelsa alle oss menneske til seg sjølv. Han er den Gud som sigra over døden, sto opp att for aldi meir å døy, og han er den Gud som tok på seg vår vondskap for å fjerna syndene våre ein gong for alle med sin offerdød. JESUS STÅR FAST. HANS KJÆRLEIK TIL DEG TEK ALDRI SLUTT. HANS VERK FOR OSS STÅR FAST OG DET GJER OGSÅ HANS ORD OG LØFTER. Dette kan du tru på, leve på og leva for.

Ingen kommentarer: