tirsdag 14. juni 2011

Kor er du?

Me går tilbake til Edens hage. Etter at Adam og Eva hadde ete av kunnskapens tre, såg dei at dei var nakne, les me. Dette var meir enn rein fysisk nakenhet, seier den engelske presten Mike Breen, dei kjende seg udekka. Inntil den tid hadde dei vore fylte og dekka av Guds nærvær. Då dei synda, tapte dei dette nærværet. Det gav dei eit intenst ubehag, ei kjensle av å vera overlaten til seg sjølv og ei trong etter å verja seg mot omverda. Difor dekka dei seg med fikenblad, les me, og då Gud kom i hagen i kveldinga, gøymde dei seg også for han.

Kvifor gjorde dei det? Kvifor sprang dei han ikkje i møte for å fortelja om det som gjekk galt? Kvifor bad dei han ikkje berre om tilgjeving for synda si? Saka er den at synda hadde ete seg inn i sjela deira og gjeve dei eit nytt gudsbilete som sa dei at den Gud som dei så langt hadde elska over alt, ikkje lenger ville dei noko godt. Dei tenkte: "Gud er FARLEG, så det er best å halda seg borte frå han". Denne djevelske løgna har festa seg i menneskeætta og forklarer meir enn godt nok kvifor folk flest i dag ikkje kjenner Gud, og heller ikkje viser interesse etter å bli kjent med han.

Redninga vår ligg i Gud. For han er framleis interessert i å gjera seg kjent for oss, han er interessert i fellesskap. Difor kom Gud til Adam og Eva i hagen. Han oppsøkte dei. Gud er ein oppsøkande Gud, og fordi han er det, les du denne bloggen no. Du er leida til det av han.

Og Gud Herren kalla på desse to ulukkelege borna sine og sa: “Adam, kor er du?” Gud visste nok kor mannen var, men han valde å kalla Adam fram frå gøymeplassen han hadde funne. Gud kallar oss fram, han gjev oss fridom, vil at me skal koma til han av eige val. Han går aldri på akkord med fridomen. Fridom er ein kristen kjerneverdi. Gud har utvald oss, og det har han aldri gått tilbake på. Men det blir ikkje noko mellom oss og Gud utan at me også vel Han som vår Gud, far og frelsar. Difor spurde han Adam: “Kor er du?” Dette ropet er alltid på Guds lepper, seier Mike Breen. Jesus seier: "Menneskesonen er komen for å oppsøka det som var fortapt, for å frelsa det." Han tenkjer på oss.

Verda er full av menneske som gøymer seg for Gud, dei gøymer seg i falske religionar og ideologiar, mange i travelheit, andre i eit liv i sus og dus, i lyst og leven, og alle ved å halda seg unna kristen forkynning. Kvifor gjer dei det? Fordi dei har eit feil gudsbilete. Dei trur at Gud er farleg, og at han ikkje vil dei godt. Det er djevelens løgner som har festa seg i sjelene våre. I Edens hage stempla djevelen Gud som ein egoisitisk løgnar, og det var denne løgna som har festa seg i slekta.

Men Gud veit heldigvis kor me er, kor me har plassert oss i vårt høve til han. Og han leitar oss opp og kallar oss fram slik at me skal få fortelja han alt. Det er starten på det evige livet.

Gud spør deg: “Kva har du gjort?” Sjølvsagt veit Gud kva du har gjort. Men han vil at du skal fortelja det sjølv, for når du gjer det, vil han tilgje deg og reinsa deg frå alt som gjekk galt i livet ditt, gje deg ein ny start, fylla hjarta ditt på nytt med sitt nærvær, og det kan du trenga. Lukke til!

Ingen kommentarer: