lørdag 11. juni 2011

Pinse for alle


GRATULERA MED DAGEN! Det er pinse, den mest ubegripelege av dei kristne høgtidene, men likevel den som gjer at me kan begripa dei to andre. Og for dei som har opplevd pinse sjølv, er denne helga like bra som jul og påske. Pinse handlar om at Gud kjem nær og verkar med si kraft i oss og mellom oss. Det skaper ei underleg stemning.

Stemningar er viktige. Me kjenner på det når me er ute i naturen ein vårdag eller ein kald vinterdag, eller når me er på konsert, på kino, høyrer på ein dynamisk talar, syng saman i godt lag osv.

Pinse er Gud i lufta. På den første pinsedagen bokstaveleg tala. Den Heilage Ande, som er Gud like mykje som Far og Son, kom til Jesu læresveinar som ein vind og som ein eld og fylte dei med kraft og glede, ja, med seg sjølv, med Gud. Frå den dagen var Gud grunnstemninga i hjarto deira. Er det ikkje flott? Slik kan det bli for deg også.

Og Den Heilage Ande sveipa rundt omkring i Jerusalem og samla folk rundt Jesu vener slik at Peter kunne tala til dei. Det fekk ein enorm effekt. Rette ord talt i rette tid, råkar hjarto. Folk kom til tru i tusental. Den Heilage Ande skaper tru på Jesus i folk.

Ingen kan tru ut frå eigen klokskap. Trua er ei gåve som Anden gjev.

Anden er sjølv ei gåve til oss, og han gjev oss gåver. Av dei er trua den viktigaste.

Anden er her no. Han kom for å bli. Be han om å koma til deg og fylla deg. Då kan du forventa deg himmel på jord.

Ingen kommentarer: