mandag 20. juni 2011

Ansvarlegdom, menneske sitt varemerke

Me er alle ansvarlege for det me seier og gjer. Å vera menneske er å vera ansvarleg. Me er ansvarlege overfor våre medmenneske, samfunnet, oss sjølve og ikkje minst: GUD.

Det er vår skjebne å vera ansvarlege. Det er m. a. det som gjer oss til menneske, og set eit uoverstigeleg skilje mellom oss og dyra.

I Bibelen les me at me alle skal fram for Kristi domstol, og me skal dømast etter våre gjerningar, anten me har gjort godt eller vondt.

Dermed har me også eit problem. For alle har synda og står utan ære innfor Gud. Syndene våre er mange, og skulda som me alle ber på er umogeleg for oss å betala. Ho er alt for stor.

Men Gud elskar oss kjempehøgt, ja, hans hjarta slår så sterkt for oss at han bestemte seg for å bli menneske og betala skulda vår med sitt eige liv og blod. Slik vart krossen symbolet for sameininga mellom Gud og menneske, det kjæraste symbolet me kristne veit om, og som mange av oss ber som smykke rundt halsen, og som alle ber med seg i hjarto sine.

Guds frelse kjem til oss som ei gåve. Det er berre å takka ja. Men her er du også ansvarleg. For dersom du seier nei til Guds gåver, seier du nei til Gud, og seier du nei til Gud, har du avsett han som Gud. Det er brot på det første bodet som seier: Du skal ikkje ha andre gudar enn meg, og ved å forkasta Jesus som frelsar, aukar du skulda di mange hakk. Ikkje gjer det, men forlik deg med Gud og lat han få den rette plass i livet ditt. Då gjeld ordet i Salme 34,23 for deg: “Ingen av dei som tyr til han, lid straff!”

Ingen kommentarer: