onsdag 1. juni 2011

To kongar.

Svenskekongen er i hardt vær om dagen etter å ha blitt skulda for å ha hatt kontakt med kriminelle miljø og lettkledde damer på klubbar det ikkje sømer seg for ein konge å beøka.

Kongen sjølv innrømmer å ha vore på nattklubbar i Paris, men han hugsar ikkje at han har hatt noko med mafiaen å gjera.

Det er noko rart med oss menneske: Me blir fort veldig nyfikne og interesserte når me høyrer om galne ting som andre kan ha gjort. Ja, det gjev oss ei sjuk glede og styrker sjølvrettferda vår. Men våre eigne feil og fall vil me derimot ikkje snakka om. Me gøymer dei unna så godt som me kan.

Men me snakkar altså gjerne om andre sine synder. Det er avslørande. For i Bibelen står det at "kjærleiken skjuler mange synder." Når me då avslører andres feil, er det fordi me ikkje har Guds kjærleik i oss, og manglande kjærleik er grunnen til all vondskap. Det å leska seg på andres ulukke, er altså eit uttrykk for rein vondskap, ikkje noko mindre.

Gud toler ikkje vondskap, les me i Bibelen, og særleg ikkje dømesjuke. Dersom du er mellom dei som har denne tendensen i deg, må du innrømma både dette og andre feil for Gud om du vil bli frelst. Men det har du høve til. Me lever i nådens tid.

Kongen har vore på nattklubb. Men me veit ikkje om han har gjort noko gale. Eg kjenner ein annan konge som vart skulda for "å eta saman med tollarar og syndarar." Han heiter Jesus Kristus. Han elska syndarar, oppsøker dei i deira eigne miljø for å frelsa dei. Ingen miljø og menneske er mindreverdige for han, ei heller dei som held til på slottet i Stockholm, ei heller kong Carl Gustav. No har han trong for kong Jesus, og det er også tilfelle med alle oss andre. Ikkje ein minutt kan me klara oss utan han som er den einaste vegen til Gud.

Ingen kommentarer: