torsdag 30. juni 2011

Den inkorrupte Gud.

Gud hatar korrupsjon. Han uttrykkjer dette klårt og greit mange stader i Bibelen. Han elskar sanning i inste hjarta, les me i Salme 51. Korrupsjon ber løgna i seg, og høyrer inn under djevelens domene. Der løgn og vondskap rår, der rår djevelen.

Den som lever korrupt, vil ikkje bli motteken av Gud. Gud kan berre ta imot dei som har reine hender og eit reint hjarta, og han kan berre bruka den som har ein rein munn.

Alle menneske er ureine, og berre Gud kan reinsa oss. Det gjer han med sitt ord og sin Ande. Han avslører oss slik at me kan ta ærlege oppgjer med han og vår neste. Når Gud verkar i liva våre, får me ein trong over oss til å leggja korta på bordet og ikkje lenger leva maskert og driva på med skammelege ting i det skjulte, anten det er på det seksuelle, religiøse eller det økonomiske området.

Ingen kan bestikka Gud. Han har ikkje behov for noko frå oss. Det er ikkje slik at han gjev oss goder som løn for noko som helst. Han gjev oss alt godt fordi han elskar oss, og berre difor. Men synda di må du rydda av vegen. Den ligg mellom deg og Gud. Gud kan peika på henne, men det er du som må løfta henne fram og seia deg samd med Gud. Elles vil synda di stenga Gud og det evige livet ute frå livet ditt. Du blir aldri frelst så lenge du lever i mørkret.

Ingenting kan hindra Gud i å elska deg og dela alt sitt med deg. Det er hans største glede.
Trua er den tome handa som du strekker fram mot Gud for å ta imot han og alt godt frå han. Den som ikkje trur, vil ikkje be og isolerer seg frå det beste i livet: Forlating for syndene og fellesskap med Gud sjølv.

Ingen kommentarer: