fredag 17. juni 2011

Straffa låg på han

Alt på fallets første dag sa Gud at han ville senda ein frelsar til verda, ein som skulle knusa all vondskap. Og det gjorde han. Denne mannen var Jesus. Han var heilt perfekt på alle måtar. Handla rett, snakka rett, tenkte rett osv., kvar dag og kvar time på dagen. Utruleg bra. Denne mannen var det som kunne ta all vår vondskap og alle våre synder på seg. Og han gjorde det. Han stilte seg ansvarleg for di og mi synd, og på krossen tok han på seg den straffa me skulle hatt. Dette såg profeten Jesaja meir enn 700 år før det hende, og han skreiv: "Straffa låg på han, forat me skulle ha fred, og ved hans sår har me fått lækjedom." Dette kan du lesa om i Jesajaboka kapittel 53, og du skal forundra deg over kor detaljert profeten skildrar det som hende med Jesus lang tid etterpå. Slikt beviser Gud.

Jesus knuste vondskapen si makt ved sjølv å bli knust for oss alle. Slikt kan ikkje menneske finna på. Det var dette som ikkje kom opp i noko menneskehjarta, skriv apostelen Paulus, det som Gud har laga til for dei som elskar han.

Kjære ven! Det er tid for å tru, tru på Jesus. Han har fjerna dine synder med sitt eige blod. Frelsa er komplett. Det er berre å ta imot henne som ei gåve. Du treng ikkje å pynta deg opp for å koma til Gud, treng ikkje forbetra deg. Berre overgje deg til han i tillit til at Jesus har gjort alt som er nødvendig for at Gud skal ta imot deg utan eitt einaste klagemål, ikkje èin einaste kritisk merknad. Det er ikkje mindre enn fantastisk. Ser du det?

Ingen kommentarer: