tirsdag 14. juni 2011

"Dette treng Noreg: Utdanning, utdanning, utdanning", seier Stein Erik Hagen. Er det sant?

Er det sant at Noreg først og fremst treng folk med meir utdanning? At det er DET Noreg treng? Lat det vera sagt: Ja, Noreg treng folk med utdanning. Ingen tvil om det. Alle nasjonar treng flinke og kunnskapsrike folk. Difor er det slett ikkje bra når kunnskapsnivået går nedover hos norske skuleelevar og studentar, når gutar og unge menn ikkje lenger ser vitsen i å lesa bøker eller skaffa seg teoretisk kompetanse. Det vil sjølvsagt slå negativt ut på sikt.

Men utdanning er så visst ikkje det viktigaste nordmenn manglar i vår tid. Det me treng mest av alt er meir TRU, dvs. tru på GUD. Verda er full av kunnskap, og uansett kor mykje folk studerer, kan dei berre skaffa seg promiller av alt som er å vita. Men viktigast av alt er å ha kunnskap om Gud, han som skapte himmel og jord og som er kjelda til all kunnskap og visdom.

Dei siste tiåra har barn og unge i dette landet fått betydeleg mindre kunnskap om Gud enn det unge hadde før. På skulen skal dei læra om alle slags religionar heilt frå dei er ganske små, og resultatet vert synkretisme, religionsblanding. Det blir umogeleg for dei å skilje ting frå kvarandre.

Eg er lærar i ungdomsskulen. Mange gongar har eg kome inn i nye klassar og forklart dei ved hjelp av bruillustrasjonen kva evangeliet om Jesus Kristus handlar om. Dette har eg også gjort for lærarar som underviser i Religion, livssyn og etikk. Og resultatet er alltid det same: "Er det slik det heng saman. Er det DETTE som er kristendom? Det har ingen fortalt oss før".

Så blir barna våre opplært i ein kristendom som ikkje er kristendom, og når dei tek avstand frå kristendomen, er det ikkje kristendomen dei tek avstand frå, men ein versjon av han som ikkje er sann.

Meir enn noko anna treng Noreg Gud. Kvifor? Fordi Gud elskar nordmenn, fordi nordmenn er skapte for Gud, fordi Jesus døydde for alle nordmenn, fordi Gud stimulerer kunnskapstørsten hos dei som finn han, fordi Gud løftar alle menneske opp på eit høgare moralsk nivå, fordi Gud fyller oss med glede og fred og lærer oss å vera ærlege, sanne og gode.

Gud har velsigna Noreg ut over alle grenser når det gjeld økonomi. Me har ein tendens til å surfa på denne velsigninga og tru at han varer evig. Men han gjer ikkje det. Berre Gud og alle som trur på han varer evig. Difor treng me kunnskap om Gud meir enn nokon annan kunnskap, og Bibelen meir enn noko anna bok.

Ingen kommentarer: